Morgenandakten mandag 20. mai

Gud kjem i den mjuke stilla

Esther Moe
Foto: Ole Andreas Bø

Første Kongebok 19

Då eg var liten, kunne eg knapt tenkja meg noko meir fryktinngytande – enn å møta - Gud. Korleis skulle makta over alle makter kunna komma nær meg utan å skremma vitet av meg? Eg bad faktisk aftenbønn om det; at han gjerne måtte halda seg på avstand. Berre vera der ute ein stad og halda verda i handa si og driva med bra ting, berre ikkje komma for nært på meg.

Og berre så det er sagt; eg er ikkje vaksen opp med skremsler eller ekstremteologi; men for barnet var det heilt logisk at den allmektige måtte vera skremmande for eit menneske.

Langt ute i øydemarka sit ein mann under ein busk utanfor byen der han har forlate guten sin og han er veldig redd. Med god grunn. Han heiter Elia og er profet i Israel. Han har som si oppgåve å refsa kongen og dronnninga for at dei har innført avgudsdyrking. Etter ein voldsom konfrontasjon, har kong Akab drepe alle kollegaene til Elia med sverd og til vår mann sender dronninga bod om at samme lagnad ventar han neste dag.

Så han tar med seg guten sin og får han i sikkerheit. Sjølv går han ut i øydemarka, og her er han. Under busken sit han og ønskjer at han kunne døy. Det er nok nå, er orda han er gjengitt med i Kongebøkene i gamletestamentet.

Han går i førti dagar og førti netter. Til slutt er han ved Horeb, også kalt Gudsfjellet. Han søkjer livd i ei hole og her kjem spørsmålet frå Gud, Kva vil du?

Den livredde mannen fortel. At han er den einaste gjenlevande og at nå er det vera hans tur. Beskjeden han får er å gå ut og stå på fjellet framfor Herrens åsyn. Det kjem storm, det kjem jordskjelv, det kjem eld. Men Gud er ikkje i nokon av dei.

Eg synest eg ser mannen, i livd for naturkreftene ved inngangen til hola. Kva forventar han? Kanskje ikkje lyden av ei linn susing. Men det er nettopp det som kjem. Etter dei voldsomme kreftene, lydene, skakinga. Lyden av ei linn susing.

Støy er ei pine for oss menneske, men me tåler heller ikkje total stillhet. Me treng den mjuke stilla, sildringa frå ein bekk, dønningane av havet, regnet som fell, musikk i det fjerne. Ei linn susing. Slik kjem Gud. Det er ikkje å skremma oss han vil.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: Ulf Christiansson – "Helig, helig, helig"