Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 20. juni

Meining i kvardagen

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Det er ikkje alltid så lett å seie kva som skal bli ein bra dag, eller kva som ved dagens slutt var med å gjere den god eller dårleg.

Men mi erfaring er denne: Dei vanlege dagane er som regel dei beste.

Og det er bra – for det er dei det er flest av; dei vanlege dagane. Og det vanlege livet. Når vi sit ved kjøkenbordet med kaffikoppen. Når vi får gjere arbeidsoppgåvene våre. Når vi er omgjevne at det som er kjent og heimleg.

Det er kanskje lett å tenke at livet vårt skulle vore meir spennande; meir glamorøst, at det skulle ha større variasjon i seg.

Men kanskje skulle vi bli flinkare til å verdsetje det vanlege livet?

Det kan vere høgdepunkt i livet vårt som gjer at vi tenker: Gjev alle dagane hadde vore som denne! Men viss det var slik, hadde vi ikkje då vorte metta på ein måte?

Så er det dei mellom oss som vil seie: Det er altfor mange av dei vanlege dagane. Dagar som sniglar seg av garde. Dagar som så alt for godt let oss kjenne einsemd, rutine; smerte, at vi saknar nokon.

Eg trur vi må leite etter det som kan gje dei vanlege dagane verdi og meining, også dagane som ikkje er så lette og gode. Vi må leite etter – og finne - det som er lagt ned i oss av guddomleg kjærleik; eit gudsnærvær i livet vårt.

Vi må sjå etter spor av godhet, og finne det i oss og omkring oss som viser at vi er verdifulle der vi er; i det vi er sett til.

Eg trur at livet vårt har ei meining og at når vi går ut av tida, har vi sett eit fotavtrykk etter oss på jorda.

For meg er det slik at dagane som ligg framom meg i denne veka, ikkje er så vanlege. I Nidarosdomen, der eg arbeider, skal vi desse junidagane ta i mot mange menneske som kjem til heilagdomen med sine liv. Med ulike historier og grunnar til å kome.

Nokre av dei med takksemd og glede; nokre med sår og tap, og nokre med von om at vi kan finne saman i gudsteneste og bøn. Ein skulle tru at vi ikkje har noko til felles. Men det har vi! Vi blir tekne i mot og møtt av ein som står med utstrekte armar og seier:

Uansett kvifor du kjem, eller kva slags bører du kjem med: Du er venta. Du er velkomen. Dagen din skal fyllast med nåde.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Bo Kaspers Orkester - "Fattig Bonddäng"

Skog