Denne fyrste dagen i den stille veka er bibelteksten frå Matteusevangeliet.
Jesus er komen til Jerusalem, byen der han skal døy. Tida er komen.
Og det er barna som viser oss kven Jesus er:
Då overprestane og dei skriftlærde såg undera han gjorde og høyrde borna som ropa i heilagdomen: ”Hosianna, Davids son”, vart dei arge og sa til han: ”Høyrer du kva dei seier?” ”Ja”, svara Jesus, ”har de aldri lese dette ordet: Frå munnen på småborn og spedborn har du late lovsong lyda!”
I det ytre er Jesus ein stussleg konge. Han har kome ridande til Jerusalem på ein eselfole. Han ber ikkje med seg dei ytre teikna på kongevørdnad. Men det er ikkje det som provoserer dei mektige religiøse leiarane i tempelet. Jesus utfordrar deira makt og posisjon gjennom å vere den han er: Når han går saman med dei som samfunnet har støytt ut. Når han opphever grenser som er sett om menneskeliv for å halde nede. Når han viser oss ein Gud som vil vere nær og handlande i menneskes liv. Når han viser vilkårslaus kjærleik.
Denne Kongen er det barna ser! Og denne kongen er det dei lovprisar i tempelet. Kvifor skulle dei ikkje det? Det er slik Jesus er. Så dei seier det.
Han som vart fødd som det vesle barnet i stallen. Han som tok barna inn til seg og velsigna dei sjølv om læresveinane ville vise dei bort. Han som tok eit barn på fanget for å vise kven som er størst i Guds rike.
Barna i tempelet har sett kongen. Og eg vil gjerne tru at det var godt for Jesus å ha barnestemmenes klang frå søylegangane i tempelet med seg vidare inn i dei tunge dagane. Barna seier sant om kven Jesus er.
Vi er her no. Om fem dagar skal Jesus døy.
Eg vil så gjerne gå saman med deg heilt fram, Jesus. Men eg veit ikkje om eg greier det. Så det er godt å vite at du går. At du går den tunge vegen til krossen også for mi skuld.
Ragnhild Jepsen
Musikk Barna i helligdommen Levende lys