Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 19. februar

Himmelriket - det heilage bakvendtlandet

Esther Moe
Foto: Nora Bogetvedt Jenssen

Matteus 18, 3-4

God morgon

Eg bur på ein stad der det somme stader er langt mellom husa, men desto kortare veg mellom menneska. Det er på godt og vondt, somme gonger blir me kanskje smått desperate av følelsen av at alle veit "alt", andre gonger haustar me gull i den nærheten som kjem at andre utan å bli forklart noko som helst kan vita og forstå at me treng.

Det er ikkje først og fremst i jubeløyeblikka me erfarar denne godheten som ligg og slumrar mellom oss menneske. Som i dei mest utenkte stunder kan reisa seg opp og bli til eit handtrykk, ein klem, ei bru eit varmt blikk eller ei handsrekning. Ei beine, som me seier her.

Det er gjerne når livet plundrar, når me har det vondt, mister nokon, kjem i trøbbel, krise og har det vondt.

Når livet er godt, er det godt, då spør me ikkje etter meir, og dei andre rundt oss er dei me kan ta ein highfive med og få tilrop frå.

Det er når me snublar, når me ligg på kne, eller når me manglar noko me treng, at me får tilgang til opplevelsen av den nærheten.

Eg har ingen sans for rosemåling av det som er vondt, eg trur ikkje det er meining i det vonde, eller at motbakkene gjer oss til betre og meir kloke menneske.

Men eg har sett og sjølv erfart at denne kjærleiken, ikkje lar seg kjenna på samme måten når me er oppe og står og alt er bra, og det er god gli og no trouble.

Det er dette eg trur Jesus meiner med svaret han gir når medarbeidarane hans spør han om kven som er den største i himmelriket. Kva dei nå enn vil med å ta hierarkiet inn der!

Då ropar snekkarsonen til seg eit barn som Matteus fortel at han set mellom mannfolkgjengen. Det kan vel tenkjast at dei veksla eitpar blikk når sjefen berre seier: Sanneleg eg seier dykk, utan at de vender om og blir som barn, kjem de ikkje inn i himmelriket. Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

Dette heilage bakvendtlandet, himmelriket, er ein veldig rar stad.

Det er der det usynlege er synleg, der det vesle er et stort, der nåden er større enn det som matematisk er rett og rimeleg. Himmelriket er den staden der den beste vinen blir servert til slutt og der kneståande er det høgaste du kan komma.

Ja, det er provoserande og ubegripeleg. Men eg trur dei aller fleste av oss har stått i døropninga inn til det landet og sett at det er sant.

At det først er når me verkelege er hjelpelause, at me kan erfara kva hjelp og nåde er.

Esther Moe

Redaktør i Suldalsposten

Musikk: Ulf Christiansson – "Hos Jesus"

Skog