Morgenandakten mandag 18. november

Eit augneblink av kvile

Esther Moe
Foto: Nora Bogetvedt Jenssen

Matteus 11, 28

Har du nokosinne blitt berga?

Eg meiner ikkje frå ein livsutsugande kjedeleg smalltalk-samtale på ein fest eller at nokon andre mirakuløst har fiksa opp i oppvaskberget etter stormiddagen, men berga når du verkeleg treng det?

Når du er kald, sliten, håplaus, opprådd, eller at det kanskje til og med stod om helse og liv?

Har ein levd eit stykke liv, kan det nok henda ein har pådratt seg ei slik erfaring. Og då veit ein både kor liten ein kan føla seg, kor avhengig ein kan vera og kor vidunderleg deilig det er å få hjelp. Sjølv om det eigentleg vel er det siste me vil ha når me blir eldre enn fem år.

Mi beste bergingshistorie stammar frå ein iskald svart januarmorgen, eg trur sanneleg det var ein måndag. Det er glatt og biringt, og eg er halvvegs til jobb då eg merkar lydane i bilen eg den gong køyrte. Eg er komplett bilukyndig, men kjende med iskald panikk på ryggen at livet var i ferd med å ebba ut i motoren. Det var berre å skli ut til sides. Der var det som alle andre stader, mørkt, kaldt og berre ein ting å gjera. Ringa bilbergar Alf Rune.

Og etter ti minutt kjem han. Lys lugg og lyst smil, han kastar seg sorglaust ut av hytta og berre: "Kom inn i varmen! Nå tar eg bilen med på verkstad og så får me deg på jobb, dette går så bra!"

Så sit eg der i den lune lastebilhytta mens han så lett som ein plett får bilen oppå planet, kjem inn, set seg til rattet. Og sjølv om han har heilt kontroll og eg har nada kontroll, eg føler meg overhovudet ikkje dum. Eg føler meg berre berga. Varm, ustressa og med håp.

Han tenkte nok ikkje på det, bergingsmannen, der han sat og lukta olje og kvardag, at han var ei spegling av ein viss tømmermann frå Nasaret. Jesus. Han som seier: Kom til meg alle de som slit og har tungt å bera, eg vil gje dykk kvile.

Akkurat denne morgonen i november kan det som er slitsomt og tungt å bera vera så mangt. Kanskje er det heilt kvardagsleg stress, kanskje er det skuggen frå eit vanskeleg forhold, ein tøff samtale eller følelsen av å streva utan å bli sett og verdsatt?

Me veit det godt for oss sjølve, bak den nylagde mascaraen og over den nytrekte kaffien, kva som ligg oss på hjarte, kva me sørgar over, bekymrar oss over og kva som ligg på oss.

Det finst ingen enkle vegar, men det finst augneblinkar av kvile, av fred. Og me kan også gi kvarandre ein smak av nåden. Ei spegling av det perfekte i det mennesklege og uperfekte.

Og det er jo nesten som eit mirakel.

Esther Moe

redaktør i Suldalsposten

Musikk: Bjørn Eidsvåg - "Som et barn"