Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 15. oktober

Barnetru

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

Lukas 2, 49

God morgon!

Eg seier som sant er: eg har alltid vore dregen mot Jesus, denne personen som er sentrum i kristendommen.

Eg var dregen mot han som barn, så langt tilbake som eg kan hugse. Eg likte å tenkje på han som venn og bror. Eg likte å synge "Skriv dig Jesus på mitt hjerte", nr. 312 i Nynorsk Salmebok, den første salmeboka i livet mitt. Og barnehjarta svulma når eg sang dei sterke orda i Kingos vers:

Skriv dig Jesus på mitt hjerte,

Du min konge og min Gud,

At ei lyst ei heller smerte

Dig formår å slette ut!

Ja, denne dragninga vart enno sterkare når eg møtte min eigen barnesmerte, smitta av polioviruset som sjuåring, skild frå foreldre og søsken i nesten trekvart år, på klinikken for polioramma barn på Haukeland sjukehus. Eg skulle bli prega av av polio for livet, men enno djupare prega av han som skreiv namnet sitt i hjartet mitt.

Eg tenkjer: denne veka vil eg undersøke forholdet mitt til Jesus og dele det som delast kan med dykk, mine tilhøyrarar. Idag forankrar eg, Geir, meg i mi barnetru og går til Jesus i den einaste fortellinga vi har om han som barn, som 12-åring i templet, i følgje Lukas.

Jesus følgjer med foreldra sine til Jerusalem i påskehøgtida, slik han gjorde kvart år. Men denne gongen blir han borte for Maria og Josef. Sjuke av redsle og bekymring leiter dei etter han i tre dagar før dei finn han i templet, sittande mellom dei lærde, han lytta til dei og stilte spørsmål, står det. Letta, sikkert sinte, men også djupt forundra spør dei kvifor han har gjort dette mot dei? 12-åringen svarar:

Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg måtte vera i huset åt Far min?

Sjå guten, barnet Jesus, sjå 12-åringen. Eg møter meg sjølv som 12-åring, merka av sjukdom og eit alvor som skilde meg ut i kameratflokken. Men eg ser og alle andre 12-åringar, jenter og gutar, dei eg har nær meg og dei eg veit er der, eg ser barnet Jesus som i hjartet sitt veit kor han høyrer heime, eg tenkjer: han lyfter opp alle barn og sanninga og alvoret i barnetru og barnetankar og barnekjensler.

Det var eit høgdepunkt i sommar å høyre forfattaren Olaug Nilsen i programmet Sommar i P2. Her fortalde ho om den livsomveltande kjærleiken til sonen Daniel. Han var ein vanleg gut, kunne snakke og synge. Stegvis vart alt dette borte i austisme. Ho delte kampen og sorga og smerten med oss lyttarar. Men heilt til slutt fekk vi høyre korleis ho og Daniel nynnar seg fram til ei felles sangstrofe: Barnetro, barnetro, til himmelen du er en gylden bro.

Geir Gundersen

teolog og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: Kenneth Sivertsen – "Barnetro"

Skog