Morgenandakten mandag 13. mai

Vårsong

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

Salme 16, 5-11

God morgon!

Idag opnar vi ei ny veke i mai. Det kjennest godt. Den skal om Gud vil og verda står, føre oss beint inn i festen på nasjonaldagen vår. Vi kjenner våren stige i kroppane våre, same kva alder og form den har. Vi frisknar til, ja somme frisknar til frå alvorleg sjukdom. Eg veit korleis det kjennest, å vende tilbake til livet når det nesten brast, det er umåteleg godt. Og vi kan kan synge med i dagens tekstord frå Salme 16: Difor er det glede i mitt hjarte og mitt inste jublar…..du gjev meg ikkje over til dødsriket.

Men så seier hjartet mitt: Slik er det ikkje for alle, Geir. Kan du denne morgonen invitere deg sjøl og lyttarane dine til å vere hos dei som ikkje kjenner at sevja stig, som har ein lengre veg tilbake til livet, eller kanskje tvert om må sleppe taket i det, slik vi alle skal ein gong?

No tenkjer eg på venen min, Svein – og på ei heilt særeigen erfaring av sorg og glede bunde saman. I over 40 år fekk eg vere ein del av Freedom Quartet, ein mannskvartett som sang spirituals frå det svarte USA. Svein Idsø var solist, den finaste sangaren av oss, han løfta heile gruppa med sin lyse, varme tenor. Han døydde av kreft i 1994, no er han heime hos Gud og blandar røysta si i eit kor med uhøyrde klangar.

Eg minnest den siste konserten vi hadde i Treungen kyrkje. Svein var merka av sjukdommen, vi visste at det det var siste gongen vi song ilag. "This may be the last time", song vi og det var sant. Nokre gonger gløymde Svein brokkar av teksten. Men det gjorde ingenting. Musikarane laga berre ein lita pause, vi sto liksom og venta på kvarandre – og så song vi trua vår og vona vår og sorga vår ut: "Come along, come along and lets go home! Oh, glory, Hallelujah!"

Sjå der. Glede og sorg blanda saman. Det er mogleg. Det er faktisk naturleg. At livet stig og fell i same stund, at vi kan halde i kvarandre medan det skjer, i latter og gråt, at vi kan synge med salmisten i tru:

Eg velsignar Herren som leier meg, jamvel om natta får eg råd frå mitt indre.

Alltid har eg Herren framfor meg.

Han er ved mi høgre side,

Eg skal ikkje vakla.

Geir Gundersen

teolog og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: Freedom Quartet – "Old ship of Zion"