Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 12. november

Eitt skritt i tru

Alf Kjetil Walgermo
Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

Matteus 14, 25 - 33

Dersom du trur på Gud, kor sterkt trur du? Sjølv kan eg ikkje skryte av å vere spesielt lidenskapeleg i trua. Innimellom har eg hatt dårleg samvit for det. Burde eg ikkje vere meir brennande? Korleis kan eg halde fram med det vanlege og som regel hektiske kvardagslivet mitt viss eg trur at det finst ein Gud som vinkar til meg og ønskjer at eg skal følgje han?

Bibelen fortel ei historie om Peter og dei andre læresveinane som var ute på Genesaretsjøen om natta. Dei rodde i motvind og streva hardt i bølgjene. Så står det oppsiktsvekkande: Men i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen.

Sjå for deg ein person som kjem gåande mot deg ute på fjorden! Kanskje vil du begynne å lure på kva du eigentleg hadde i koppen du nettopp drakk av. Eller kanskje vil den første reaksjonen din vere å snu deg etter filmkameraet; det må jo vere snakk om ei filminnspeling.

Læresveinane til Jesus hadde aldri sett ein film. Men dei kjente Genesaretsjøen godt. Og dei visste kva som fysisk mogleg og kva som ikkje var det. Difor blei dei så redde at dei skreik. Dei trudde nemleg at dei såg eit spøkelse.

Kanskje var læresveinane ekstra slitne av å ro i motvinden. Og det var seint på natta, den fjerde nattevakta var mellom klokka tre og klokka seks. Dei var truleg trøytte.

Det er likefullt noko trøystefullt i reaksjonen deira. Her hadde læresveinane i lengre tid vore tett innpå ein mann som gjorde store undergjerningar. Dei var dei nærmaste medarbeidarane hans. Når han går på vatnet, blir det likevel meir enn dei kan klare å ta inn. Dei var berre vanlege rasjonelle menneske, dei som oss.

Historia stoppar likevel ikkje der. For ein av dei, Peter, seier til Jesus: "Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet!" Jesus svarer: "Kom!" Då stig Peter ut av båten og går på vatnet bort til Jesus – før han blir redd, kanskje han ser ned. Peter, Klippa, søkk som ein stein.

Eg har alltid beundra Peter for dei stega han tok ut på vatnet, før det gjekk ad undas og Jesus må gripe tak i han. Uansett kor sterkt vi menneske trur på Gud, vil vi aldri vere i stand til å gå på vatnet eller flytte fjell av eiga kraft. Men det ligg ei utfordring og eit ideal i Peters første vaklande skritt: Ikkje at han gjekk på vatnet, men at han tok Jesus på ordet då Jesus sa: "Kom!"

For er det ikkje nettopp dette som er å tru: Å ta eit skritt mot Gud, gå på snørra og bli reist opp igjen? Eg kan framleis ikkje hevde at trua mi er sterk og lidenskapeleg. Men eg trur at Gud har latt seg føde inn i verda som eit lite barn. Og når Gud på denne måten har komme meg i møte, ønskjer også eg å ta eit skritt mot han.

Alf Kjetil Walgermo

kulturredaktør i Vårt Land og forfattar

Musikk: Hege Brynildsen – "Lay your burden down"

Skog