Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 12. mars

Bibelens lys

Alf Kjetil Walgermo
Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

1 Mos 1,3

"Det skal bli lys!" – Dette er Guds første replikk i 1. Mosebok. Og gjennom heile Bibelen, frå første til siste side, er lyset ei gjennomgripande positiv kraft. Bibelen er ei bok om lyset som strålar gjennom mørket.

Vi menneske er i stor grad avhengige av lys for å orientere oss. Når det blir stummande mørkt, mister iallfall dei fleste av oss oversikten. Kanskje har du sjølv prøvd å famle deg fram etter lysbrytaren i eit mørkt rom? Det er fort gjort å slå skinnleggen inn i ein stol eller ei kommodeskuffe.

Ein gong opplevde eg at frontlyktene på bilen streika akkurat i det eg køyrte inn i ein tunnel. Alt blei heilt mørkt, og eg hadde berre baklysa til ein trailer lenger framme å navigere etter. Uttrykket «lyset i enden av tunnelen» fekk ei heilt konkret tyding for meg. Å komme ut i dagslyset var som å komme ut til eit nytt liv.

Nokre gonger rammar på livet på måtar som gjer at det kjennest endå mørkare enn å miste lyset i ein tunnel. For 1,5 år sidan opplevde eg og kona mi vårt livs største sorg. Vi mista den vesle jenta vår, Tomine, tre dagar før fødselsterminen. Tomine fekk aldri sjå dagslyset. Den natta vi fekk vite at ho var død, blei alt svart.

Å miste eit barn må vere noko av det mørkaste ein kan oppleve som menneske. Det er så fullstendig meiningslaust, så naturstridig på alle måtar. For vår del var det ekstra vondt at Tomines liv var slutt før vi hadde fått helse ordentleg på henne. Vi skulle så inderleg gjerne ha halde ei levande jente i armane våre, sunge for henne og byssa henne i søvn. Men Tomine var allereie borte då ho kom til oss. Vi skulle aldri få sjå lyset i auga hennar.

I ein slik situasjon rykker tematikken i Bibelen så nært. I eit slikt mørke, kan ein fortsatt våge å håpe på lys?

Vi fekk lov til å halde gravferd for Tomine. Det var ein flott seremoni med mykje himmelhåp. Det er eit håp som menneske har klynga seg til i to tusen år. Og det er dette håpet eg sjølv klynger meg til. Ein dag skal vi få sjå Tomine igjen. Og inntil den dagen skal ho få kvile på Guds fang, og vandre i Guds lys.

Det er eit radikalt håp. Men det er dette Bibelen handlar om. Det er livet som vinn over døden. Lyset som vinn over mørket. Det er Gud som vinn over dødskreftene.

Bibelen er ei bok med mykje mørke. Men først og fremst er det ei bok om lys.

Alf Kjetil Walgermo

forfatter og kulturredaktør i Vårt Land

Musikk: Katrina & the waves - "Love shine a light"

Skog