Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 11. november

Ingen er berre den du ser

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Eg samlar på menneske. Ikkje slik at eg har dei i posar og esker som ei anna frimerkesamling ein av og til tek fram for å studere og vurdere verdien av. Nei, heller slik at eg ber dei med meg inne i meg. Menneske eg har møtt, folk eg har prata med, dei eg ser på bussen eller på kafeen.

Av og til tek eg dei fram og tenker på dei: Den gamle mannen ved avishylla på biblioteket som hadde slikt eit lurt blikk. Ho med bæreposane som såg så sliten ut. Den gode latteren mellom dei to som møttes ved kafébordet; det var visst lenge sidan dei hadde sett kvarandre.

For eg må innrømme det. Eg har ein tendens til å spinne vidare i tankane: Kva har desse opplevd som gjer at eg ser dei slik? Kva er forteljinga dei ber på?

Menneske er utømmelege kjelder til forteljingar. Tenk på alle dei vi møter på i løpet av ein dag. Om det er folk vi omgås med på arbeid eller i fritid, eller dei vi ser på TV eller les om i avisene. Uansett kva dei ber med seg som vi tenker er opent og avslørt, er det alltid noko der som ikkje blir fortald med det same. Kanskje er det avdekka for dei som er nærast. Kanskje er det løyndomar som aldri blir fortald.

I Kirkens Bymisjon seier dei: Ingen er berre den du ser. Sannare enn det kan det ikkje seiast.

Som prest får eg fortelje om menneske. Det er meiningsfullt å fortelje historia om det mennesket som no er død, og som vi er samla i gravferda til. Nokre gonger er vi mange saman, og det som blir fortald forsterkar det fine og gode vi alt visste.

Men eg har også måtte fortelje historier som ikkje var gode. Der svik og einsemd var tråden gjennom livet, kanskje heilt inn i døden.

Finast er det når eg får fortelje historia om det mennesket som vi ikkje visste så mykje om. Men som vi får eit innblikk i livet til, og som vi skjønar bar i seg så mykje meir enn vi hadde sett: Av livserfaring, klokskap, smerte og kjærleik.

Det er historia om menneska som Guds barn eg får fortelje: Den som handlar om at vi er skapte med Guds bilete i oss. At vi er elska. At vi er skapte til kjærleik.

At vi ber i oss ein flamme av lys og håp. At vi er bundne til kvarandre. Og at vi legg etter oss avtrykk som ikkje skal viskast ut. Så vi skal bere kvarandre. For vi er alle berarar av Guds uendelege verd.

Ragnhild Jepsen

domprost i Nidaros

Musikk: Kenneth Sivertsen – «Du ska itte trø i graset»

Skog