NRK Meny
Normal

Morgenandakten mandag 11. april

Arven

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Det var den hausten vi forstod at mor Ester hadde byrja den siste etappen av vegen mot døden. Ho fekk eit rom på sjukeheimen. Ho var heilt klar. Og ho sang. Det gjorde ho, liggande i senga si eller sittande i stolen ved sengeenden, ho sang. Slik hugsar eg henne, syngande, med eit særleg lys rundt seg, av kjærleik og tru.

Ho sang seg gjennom den arven ho hade teke imot og teke vare på. Ho hade eit uvanleg godt minne. Vi brukte å seie at ho kunne alle sangane utanboks både i Landstad Reviderte og i Sangboken. No kom det også nye, eller for oss borna ukjende sangar, bedehussangar frå ungdomstida i Musikklaget på Vatne bedehus, åndelege viser som ikkje hadde funne vegen til sangbøkene.

Ho sang fordi ho hade slik glede av det. Det skulle kome tyngre dagar og netter, men i desse vekene sang ho seg glad, eg tenkjer, ho sang seg heimover, bakover mot barndommen og framover mot himmelen.

Her sit eg med mitt eksemplar av Sangboken. Det er ei gåve frå bestemor Elisa på min 12-årsdag. Ho har skreve sin dedikasjon på innsida: "et minne fra bestemor". Raudt skinn, silkepapir, gullskrift. På framsida eit harpesymbol som signaliserar himmelsk sang og lengst nede står namnet mitt: Geir Gundersen.

Sangaren Solveig Slettahjell har valgt den same sida som cover på sitt album Arven, der står hennar namn med den same gullskrifta. Og snart skal vi høyre henne synge Arven inn i våre hjarte.

Eg gler meg til å dele det eg sjølv har teke imot, det som har forma og næra mi tru. For endå så personleg trua er, er den først overlevering. Noko eg tek i mot og så gir vidare. Slik Paulus uttrykker det i sitt første brev til korintarane, kap.15: "For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hade motteke". At Kristus døydde for syndene våre. At han stod oppatt tredje dagen. At han viste seg for disiplane.

Høyr no Solveig Slettahjell synge "I dine hender, Fader blid, jeg legger nå til evig tid, min sjel og hva jeg er og har." Høyr korleis ho, i dialog med pianist Tord Gustavsen, opnar kropp og sjel for dei gamle orda, høyr korleis ho forvaltar arven på sin heilt eigen måte, som sitt kostelege eige:

Og eg, Geir Gundersen, svarar, eg samlar alt mitt og gir meg over i hendene til Fader blid: "Ifra ditt barn du aldri vik, så jeg kan arve himmerik. Amen. Amen. Amen."

Tekst: 1. Kor 15, 2-5

Geir Gundersen

Musikk: Solveig Slettahjell - "I dine hender, Fader blid"