Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 10. august

Du kjem til å bli glad igjen

Kristian Fjellanger
Foto: Pernille Ødegård

I dag dør det 112 menneske i Norge. Sånn reint statistisk sett. Men ingen menneske er statistikk. Det er personar me er glade i, personar som gjer at me kjenner oss elska, personar som gjev oss røter. I 2015 døde det 40.725 menneske i Norge. I tillegg til pappa.

Etter det første sjokket, alt det praktiske og dei umiddelbare endringane, så kom det ein sorgreaksjon eg ikkje var førebudd på. Med en blanding av fortviling, likegyldigheit og raseri. Særlig det siste.

Ein morgon, mens eg var veldig lei meg, skulle eg på butikken – ikkje det at eg hadde noko matlyst, men noko mat burde eg jo ha i kjøleskapet. Men i det eg opna døra så ser eg. Dørmatta mi er borte. Nokon har stelt den. Det er sikkert naboane i første etasje som har satt døra open igjen, slik at det har kome tjuveraddar inn å tatt den.

Eg går inn att i leilegheita, og smeller døra hardt igjen. Skal ein ikkje kunne få ha ei dørmatte i fred? Brått ringer det på døra, og eg ser i callingannlegget at det er naboungane som ringer på, for å så springe vekk.

Eg kjenner på nytt det irrasjonelle raseriet velte innover meg. Og går tilbake i gangen, og hyler etter ungane. Kvifor ringer det på? Kvifor har det stole dørmatta mi? Naboen og far til ungane opnar døra si, og raseriet vert retta mot han. "Ungane dine har stole dørmatta mi! Prøv å ha kontroll på ungane dine! Det er ditt ansvar!", nærmast hylar eg før eg smell att døra.

Etter nokon djupe andedrag, der eg freistar å finne att den mentale balanse, opnar eg døra på nytt og går og ber om unnskyldning. Og får ein slags tilgiving. Og et blikk, veldig opning for tolking. Eg går tilbake til meg sjølv og legg meg under dyna. Og kjenner ein komplett lammande sorg. For av og til så finns det ikkje visdomsord som kan gjere det betre. Ingen trøystande ord som er til hjelp. Det er bare mørke.

Eg kjem aldri til å bli glad igjen.

Ein lege som eg snakka med forklarte sorga som å være i ein jungel, og plutseleg kjem det ei løve. Då er instinktet ditt å springe. Men sorga kan ein ikkje springe i frå. Den må ein berre leve seg igjennom.

Mine eigne erfaringar, viser jo at med tida, så går tyngste sorga over. For brått så hugsa eg på at kjensla av å være glad kom tilbake sist eg var veldig lei meg. Legen gav meg og to av dei finaste råda eg har fått. Jordbær og solskin. Eit jordbær i munnen smakar alltid godt, og sol i ansiktet gjev alltid energi.

Men hjelp av solskin, jordbær, tida og det du trur på, så vil eg ganske sikkert kunne slå fast. Du kjem til å bli glad igjen.

Kristian Fjellanger

forfatter

Musikk: Solveig Leithaug - «Heart to heart»

Skog