Hopp til innhold

Morgenandakten mandag 10. august

Det vakraste Gud har skapt

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Då eg var prestestudent hadde eg praksis på ein pleieheim i Oslo saman med ein studiekamerat. Med sjukeheimspresten gjekk vi frå avdeling til avdeling og besøkte bebuarane, småprata og fekk kamferdrops. Eg var 21. Dei fleste vi besøkte var over 80. Det var mykje levd liv, mange historier, tap og sakn. Men også glimt i auga og røffe Oslouttrykk, som eg hugsar den dag i dag.

Ein dag var det vi studentane som skulle ha andakten på finstua. Damene, - for det var flest av dei, vart hjelpte inn av varme pleiarhender. Vi sette oss i ein sirkel. Det var kameraten min som skulle begynne.

Han hadde noko med seg. Eit bilete av det vakraste Gud har skapt, sa han. Det var pakka inn i eit klede. Biletet gjekk frå fang til fang. Venen min hjalp til med å vikle det ut av tøystykket. Pakka det varsomt inn att før det vart sendt vidare.

Eg hadde ikkje sett biletet på førehand. Men eg såg at andleta hjå dei som fekk sjå, liksom lyste opp og vart overraska. Eg var spent når biletet endeleg kom til meg. Kva var det vi fekk sjå?

Biletet var ein spegel! Det vakraste Gud har skapt – det var det vi såg:

Andletstrekk med rynker, blikk som romma både glede og sorg, stolthet og skam, alt vi er – som vi ikkje kan springe frå, men som kvar morgon møter oss når den første vi møter blikket hjå, kanskje er vårt eige spegelbilete.

Korleis møter du deg sjølv når du ser deg i spegelen? Med forventning? Med glede? Med fordøming?

Jesus møtte ei kvinne som var fordømt. Antakeleg av seg sjølv. I alle fall av andre. Ho var, slik det står skrive Johannesevangeliet, teken i ekteskapsbrot. Skikken sa at ho kunne steinast. Men nokre ville setje Jesus på prøve. Så dei førte henne til han og stilte henne opp framfor han.

Men Jesus gjev dei ikkje noko svar. Han bøyer seg berre ned og skriv i sanda. Kva han skreiv, veit vi ikkje. Det vart borte ved neste regnskyll. Mennene blir utolmodige. Men Jesus seier: Den av dykk som er utan synd, kan kaste den første steinen.

Ingen kasta. Dei gjekk bort, står det. Med bøygde hovud. Var det ingen som fordømte deg?, spør Jesus kvinna.

Nei, det var ikkje det. Heller ikkje Jesus.

Eg håper kvinna hadde ein spegel å sjå seg i. For viss ho hadde det, tenker eg at blikket som møter henne no, er eit anna. Det mildaste av alle blikk har sett henne. Ho er den ho er. Det kan ho ikkje springe frå. Men ho er sett. Ho er elska. Ho er den vakraste Gud har skapt.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Marthe Valle - "Trua og veien"

Skog