Hopp til innhold

Morgenandakt tirsdag 26. juli

Eit ynskje om rettferd

Kari Veiteberg
Foto: Johanne Veiteberg

Eg slår opp i nokre skulebøker frå vidargåande. På dei fleste sidene har eg streka over ord og setningar med sånne lysegrønne og gule merketusjar, og her og der står det ropeteikn i margen.

No har det blitt gitt ut ein Bibel med ferdige gule overstrekingar. Eg blar opp og ser gult på eine sida etter den andre. Meir enn 3000 vers er markert, og dei handlar alle om fattigdom og rettferd. "Fattigdoms og rettferdighets bibelen." Den heilage skrifta: Bibelen. Det gamle og Det nye testamentet.

Ordet bibel kjem frå det greske "biblia", som betyr bøker. Bibelen er eit bibliotek, ei samling bøker i svært ulike sjangrar: brev og krøniker, salmar og kvad.

Nå er det ikkje alle tekstar som inneheld ordet "rettferdig" eller "fattig" i ei eller annan form, er markert ut. Det som er gula ut er sosial rettferd og tekstar som har vist seg å vere eit verktøy for frigjering frå fattigdom og undertrykking, til inspirasjon, for at det skal utfordre, korrigere og gir retning til liva våre.

Det må seiast: Barn druknar. Folk har omkomme i Middelhavet i lang tid. Fattigdom drep. Det blir krig av fattigdom. Vi kjempar for rettferd og ei betre verd, fordi fordi folk sultar, flyktar, døyr!

Dette kjem før Bibelen. I fellesskap finn vi måtar vi skal fordele ressursar og gode på. Det er ei slags borgarplikt. Dette må vi alle snakke og jobbe for som menneske av god vilje.

Dei skriftene som etter kvart skulle bli til Den nye testamentet, var opphavleg meint å bli lest av små grupper av menneske som ønska å følgje Kristus. Lite ante dei, dei første kristne, at i 2016 sit bibellesegruppa på Bymisjonssenteret og les desse tekstane på norsk! Kvar fredag sit vi i kafeen og les eitt og eitt vers høgt for kvarandre, og prøver å forstå og å sjå for oss: Kva om det vi les skjer - får skje - her, no, i byen vår, i verda.

Eg kjempar for ei betre verd fordi folk sultar, flyktar, døyr. Fyrst og fremst! Ikkje fordi det står i Bibelen. Men kristentrua gir meg krefter, mot og håp!

Kari Veiteberg

Musikk: Louis Armstrong - "Go Down Moses"

Skog