I dag vil eg sei et godt ord om mine foreldre, far og mor, dei to som gav meg livet og lærde meg å gå, det siste dei gjorde – og for ei gjerning – var å lære meg å døy. Far og mor, dei var velsigna ulike. Det var dei i sin levemåte og det var dei slik dei møtte døden. Så der var eitt viktig lærestykke: at det er mogleg å oppdage noko nytt om sine foreldre, like inn i døden.
Eg lærde far min enno betre å kjenne som ein praktisk og jordnær mann. Eg lærde mor mi enno betre å kjenne som eit søkande menneske. Men det var og noko som var likt i deira skilde vegar mot døden. Begge to måtte gjennom faser av uro og angst. Eg seier måtte, det verka slik. At det var eit stykke av livsarbeidet som måtte fullførast. Men dei fekk fullføre, og begge to fekk døy i fred, kvar på sin måte, forsona med livet og med døden og med Gud som dei døydde i trua på.
”Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger?” Det er Paulus sitt triumferande rop i 1. Kor 15,55 – og det er tittelen på ein av Johnny Cash sine siste songar. No er kampen hans ført til endes. No stig songen om oppstoda i han, no gjer han seg klar for den siste delen av reisa.
Oh, row my ship over the waves of your sea.
Ro min båt over bølgjene på din sjø.
Lat meg finn ei trygg hamn der.
Eg veit at reisa ikkje blir like god heile vegen. Hjelp meg. I’ll be safe wherever you are. Eg er trygg der du er.
Lat meg berre få seile inn til di lyshamn.
Der, for alltid, fordrive natta i meg.
Lat meg få vere med, gjere mi gjerning, ja fullføre den med all mi kraft.
Gud, ver hos alle som er døyande. Deg vere ære for kjærleiken som er sterkere enn døden.
Opne alle mitt livs sansar, så eg sjølv lærer kunsten å døy, lærer av mor og far og Johnny Cash og andre medmenneske, bruke mine dagar no til å øve meg i å gi alt over til deg.
Geir Gundersen
Musikk: 1Corienthians 15 - Johnny Cash