Men har du tenkt på at det er mange bitar som må til for å få gjennomført ein stor plan. Det er mykje som må falle på plass. Og kanskje er ein god plan avhengig av at det også er rom for at noko tilfeldig kan skje? Om vi aldri så mykje har ein plan, er det heller ikkje alltid så lett å sjå attende og seie at alt vart akkurat som vi hadde tenkt. Men det kan bli bra likevel!
Eg tenker på den fantastiske domkyrkja i Trondheim – Nidarosdomen, og alle som har vore med og reist den, gjennom mange hundre år. Kvar krinkel og krok, kvar ein stein og kvar ei utskjering. Visste dei som har vore med og reist det mektige bygget akkurat kva dei skulle gjere? Nei, dei hadde vel ikkje nokon ferdig plan. Det var ingen som stod klar i 1030 og sa at slik skulle det bli! Men alle som har hatt sitt virke i domkyrkja, ja, også vi som arbeider der i dag, vi må av og til stoppe opp og seie til oss sjølve at vi er med og bygger ein katedral. Det er noko stort over det! Når vi ser oss attende ser vi at det er ein plan i seg sjølv. Kvar og ein er vi viktige, kvar på vår plass. Den store planen består i at vi greier å sjå at vi alle er ein viktig del av den!
Bibelordet i dag handlar om Guds store plan – planen om frelse for alle menneske.
I Paulus sitt brev til kyrkjelyden i Efesos les vi: Han ville fullføra sin frelsesplan då tida var fullmogen: å samla alt til eitt i Kristus, alt i himmelen og på jorda i han.
Guds plan er større og meir fantastisk enn vi menneske kan fatte! Å samla alt på jorda, alt som er skapt, til frelse i Jesus Kristus – det er ein gigantisk forsoningsplan. Det var Jesus som utløyste Guds vilje då han døydde på korset. Det var ingen plan som var ukjend for han. Han visste at det var det han skulle då han vandra her på jorda.
Men akkurat som eg av og til må seie til meg sjølv at eg er med og byggjer ein katedral; slik må vi menneske minne kvarandre om at vi er umisselege delar av Guds kjærleik og ynskje: Når vi møter eit medmenneske og deler eit smil. Når vi tek ei hand og leier nokon som er ustø. Når vi tenker gode tankar om menneske vi har møtt eller sett. Når vi ber ei bøn.
Men vi skal sjå at vi er delar av det alt saman, - umisselege og verdifulle!
Ragnhild Jepsen
Musikk: Gud har ein plan med ditt liv - Reflex