Hopp til innhold

Morgenandakt mandag 14. juni

Vann er livsviktig for mennesket

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Bestemor mi var ikkje så sjøsterk. Ho var frå Hallingdal, men kvar sommar var ho på Sørlandet og måtte i båt. Noko av båtferda gjekk over eit opent havstykke. Eg fekk aldri spurt henne om det, men from som ho var, har eg ei kjensle av at ho alltid ynskte at Jesus skulle kome gåande mot henne over vatnet og ta over både rorpinnen og kommandoen for at båten skulle kome trygt i hamn.

Vatn er livsviktig for oss. Som ferdselsvegar og for at vi skal leve. Vatn kan vere både kaos og fredfullt. Det tek liv, og gjev liv. Ja, mest av alt gjev det liv! Eit vassmolekyl på Mars er provet på at det kan vere liv der. Då Gud skapte jorda, var vatnet der alt.

Om regnet ikkje vatnar jorda, vil den ikkje gje liv vidare til menneske og dyr. Når regnet skaper flaum, og jorder og marker fløymer over, tek det liv og legg øyde.

Kvart år må eit menneske drikke vatn tilsvarande 10 gonger si eiga vekt for å halde seg i live. Og vi veit kva vassmangel og vassbruk gjer med klima og rettferd mellom menneske. I delar av verda er vatn det fremste forhandlingskortet – og også eit middel som skaper urettferd og ufred.

Vatn gjev ro og liv, og vi treng det for å leve.

Men det skaper også frykt og angst.

Forteljinga frå Bibelen om Jesus som stiller stormen er eit godt døme på det. Nokre menn er i ein båt. Uveret kjem overraskande på dei og farene trugar.

Då dei trur dei skal gå under med båten, kjem Jesus mot dei – gåande på vatnet. Det umoglege er mogleg. Ein av disiplane i båten, Peter, blir så ivrig at han også vil gå på vatnet. Dei første stega går fint. Men så tvilar han på om vatnet vil bere – og då går det ikkje meir. Jesus stiller stormen. Vatnet ber båten og dei kjem trygt til land. Dei bergar livet. Kva skaper ikkje det av tru og tillit!

Vatn er kaos og fred. Det skaper frykt, men det skaper også tru:

Tru på at livet sigrar.

Tru på at det er noko som er sterkare enn dødskreftene.

Så ja. Vatnet er livsviktig for oss!

Ragnhild Jepsen

Domprost i Nidaros

Musikk: Rod Stewart - "Sailing"

Skog