Hopp til innhold

Morgeandakten tirsdag 15. juni

Vann gir tro på nytt liv

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

I heimbygda mi er det ein foss som ligg slik til at ein kan sjå den frå mange kantar. Fossen er eit vårteikn. Ein fylgjer med og ser:

Korleis er det med vatnet der oppe? Kjem våren snart?

Først ser ein så vidt vatnet som renn. Så blir det meir. Og til slutt, når smeltevatnet frå fjellet verkeleg tek til å renne, ser det ut som ei kule av vatn oppe i fjellsida som breier seg nedover. Så heiter då fossen også Kulufossen.

Når det er slik, då veit ein: No blir det vår!

Vatn vitnar om liv og fornying. Mange stader i Bibelen talar ein om vasskjelder som kjelder til liv. For der kjelda er tørka ut, der vil livet ebbe ut.

I det tørre ørkenlandet Jesus vandra i då han var på jorda, er det ikkje rart at vatnet blir eit symbol på livet. Men ikkje berre vatnet vi kan drikke, det som vatnar jorda. Jesus taler ein stad om levande vatn:

Vatn ein aldri meir blir tørst av.

Levande vatn – det er ord om kjærleik og nåde og tilgjeving.

Det er å tru at ein kan starte på nytt når ting har gått sund.

Det er å tru at vi kan få ta imot noko som gjev liv til eit sinn som er tørka inn av sorg og skam.

Levande vatn gjev livet attende. Eg trur vi kan kalle det nåde.

I junimånadens forsommardagar høyrer vi bruset av vatnet som fossar frå fjella ned i elvene våre. Og vi ser det stille regnet som væter markene og fører med seg den gode angen frå blomar og tre. Og vi skjønar:

Vatnet gjer mest av alt at vi kan tru på det nye livet!

Så eg håpar og trur at slik sommarregnet gjev grøde til åkrane og det som skal modnast, slik gjev Gud også føde til livet vårt her på jorda.

Og vi kan tru at Guds gode gåver til oss – det levande vatnet - gjev styrke til å vandre vidare i livet. Som dråpeforma nåde.

Ragnhild Jepsen

Domprost i Nidaros

Musikk: Sissel - "Se over fjellet"

Skog