Drøm om i dag.
Det er nå du puster.
Løft opp dine øyne
og se hvor du er.
Gi deg dagen
og lev av dine drømmer.
Det er nå du puster.
Ja, drøm om i dag.
Dette er eit sitat henta frå Mons Leidvin si bok "Dialog med drømmer". Dette ei bok tileigna dei som viste kjærleik tilbake til meg sjølv, seier forfattaren.
Vi står alle i ein samanheng, og vi speglar kvarandre. Vi betyr noko for kvarandre, seier Mons Leidvin Takle. Og når eg tenkjer på draumane, så møter eg den viktigaste personen i livet, - nemlig meg sjølv.
Eg vil avdekkje dei tilgrodde stiane i meg sjølv. Da vil eg finne ei nydeleg rose som gir livet mitt ein ny farge og ein ny dimmensjon. Så er det viktig for meg å vite at livet er ikkje noko som blir trødd ned over hovudet på meg, men at livet er noko som eg sjølv vel, seier Takle.
I forteljinga som er utgangspunktet for samtalen, snakkar Jesus om å vere fri. Han seier det er sanninga som gjer fri! Og dersom Sonen får gjere oss frie, så blir vi verkeleg frie, seier Jesus.
Desse orda er for meg eit livsprinsipp. Dei rommar dei djupaste svar på alle mine spørsmål. Det er spørsmål i tilhøve til meg sjølv, i forhold til Gud, til min neste og til den fysiske verda eg lever i. "Sanninga" er kjernen i alt dette, seier Mons Leidvin Takle.
Kva er så sanning? Det spørsmålet stilte også Pilatus. Men han visste kva sanninga var, og likevel spurde han. Slik er det med oss også, seier Takle. Vi treng heller ikkje spørje om det, for innerst inne veit vi kva som er sant - rett eller gale, og det lyt vi ta konsekvensen av, seier han.
På ein måte er det kanskje vanskeleg å finne ut kva som er rett i alle situasjonar. Men bak alle inntrykk ligg Guds fingeravtrykk. Dei er ofte svake, men det gjeld å pusse støvet av Gud sine fingeravtrykk for å kunne sjå dei tydlegare.
Det gjeld å ha eit forhold til dei livslovene han har lagt ned i skaparverket sitt, både i menneska og i verda rundt oss. Livslovene finn vi i jordrotasjonen og den fysiske verda rundt oss. På same måten er det lagt ned livslover inni oss. Gud er ein personleg Gud for meg, men han er også Skaparen. Da vil eg gjerne følgje dei livslovene han har sett!
Som musikar spelar eg på sjela sine uttrykk. Anten det er i ord eller tonar, så er det uttrykk for det same, seier kunstnaren og musikaren Mons Leidvin Takle. Men som musikar uttrykker eg ei stemning, og eit intrumentalt stykke eller komposisjon kan gi lyttarane ulike opplevingar.
All kommunikasjon er basert på at bodskapen kjem frå hjartet. Og vi kan aldri lage musikk eller andre kunstaruttrykk utan å leggje personlege kjensler i det. Utan kjensler er det ikkje mogeleg å kommunisere, for sjela må vere med, seier Mons Leidvin Takle.
Vi blir frie når vi aksepterer både glede og smerte og alle dei spørsmåla vi ikkje finn svar på. Vi må samstundes gripe fatt i dei svara vi finn. Vi blir ikkje frie av å unngå smerten, men ved å akseptere situasjonen.
Det er å sitje på steinen å drikke sin kaffi - når ein kjenner på smerten, gleda og undringa ved å leve, seier han.
Teksten er skriven for nett av Helge Helgheim.