På tårnet av Nidarosdomen som vender mot nordvest står ein liten forhutla skapnad. Det er Mikael, erkeengelen. Kunstnaren som har laga han lever framleis. Statuen vart sett der i 1969. Det heiter seg faktisk at Mikaelstatuen på toppen av Nidarosdomen har i seg trekka av Bob Dylan, for å synleggjere katedralen som aktuell også i vår tid.
Mikael står på tårnet som vender mot nord og kjempar ned ein drage under føtene sine. I handa heldt han eit sverd med ei skålvekt på. Det er ikkje tilfeldig at Mikael står vend mot nord. I Draumkvedet, det gamle norske diktet, heiter han Sankte Såle-Mikkjel. Sankte Såle-Mikkjel skal ta i mot dei vonde kreftene frå nord på domens dag og vege sjelene på vekta si. Nokre skal bli frelst. Andre når ikkje fram til frelsa. Og det er sjølvsagt stor spenning knytt til kven av dei to skålene som blir den tyngste.
Det kan vere kaldt og hustrig og trugande på nordsida av Nidarosdomen ein haustdag. Så Mikael har mykje å stå i mot! Men det gamle Draumkvedet, som menneske i Norge har kjent gjennom hundreår, fortel noko oppsiktsvekkande om engelen med skålvekta: Mikael legg alle sjelene i den eine skåla. – alle sjelene vert lagt på den vektskåla som fører til frelse; den som fører til Jesus. Grutte Gråskjegg, han som kjem med kulden og vondskapen frå nord, må gå tomhendt heim. Han får ingen sjeler med seg. Mikael er djerv! Han står i mot vondskapen. Han vil at menneske skal bli frelst.
I dag er det Mikkelsmesse. Den gamle dagen til minne om erkeengelen. Bibelteksten les vi frå Daniels bok i det gamle testamentet:
På den tid skal Mikael, den store fyrsten, stiga fram, han som vernar dine landsmenn. Det skal koma ei trengselstid som det ikkje har vore maken til heilt sidan folkeslag vart til. Men på den tid skal folket ditt verta frelst, alle som er oppskrivne i boka. Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin; og dei som har ført dei mange til rettferd, skal skina som stjernene, evig og alltid.
Det var ei stor og avgjerande oppgåve Mikael fekk: Vege sjelene og ta dei i mot til frelse. Mikael er den viktigaste av dei sju erkeenglane som er omtalte i Bibelen. Ja, han vart rekna som hovding over englane. Så dagen i dag er også ein engledag. Det er mange som synes det er godt å tenke på englar. At dei finst. At dei passar på oss.
Inn i denne dagen kan du ta med deg at Gud brukar englane i si teneste. For at han skal kome oss nærare. For at vi skal skjøne at Gud vil oss godt. Kanskje treng du akkurat i dag ein engel ved sida di?