Hopp til innhold

Løfte opp dei låge

Det er eit stort privilegium og eit endå større ansvar å gjere seg til talsmann for desse små menneska. Dei bur i eit land som få har innsyn i, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Luk. 1, 46-55.

God morgon!

Dette er ei oppmoding til sang. Ver med og syng Marias sang. For det gjer ho. Bryt ut i sang.

Når ho, ei jødisk ungjente har sagt ja til den største av alle jordiske oppgåver: å bli mor til Guds son, til barnet som skal bli frelsar. Når ho har lagt alle innvendingar til sides og stilt seg til disposisjon for Himmelen, byrjar ho å synge.

Og for ein sang! Ho lyfter si sjel mot Herren, Ho frydar seg i si ånd over han som valde henne.

Frå no av skal alle ætter prise meg sæl. For store ting har han gjort mot meg. Hans miskunn varer frå ætt til ætt.

Storverk gjorde han. Han spreidde dei som bar på hovmodstankar og støytte stormenn ned frå trona, men lyfte dei låge opp.

Han metta dei svoltne med gode gåver, men sendte dei rike tomhendte bort.

Eg syng med i Marias sang. Eg syng om min Gud til min Gud, Eg syng om grunnmønsteret i Guds handlemåte. Korleis alle vonde ting i denne verda skal snuast opp ned. Dei hovmodige skal spreiast. Dei låge, dei trengande skal lyftes opp.

Eg syng Marias sang og syng meg til mot framfor ei av dei største oppgåver Geir Gundersen har fått i sitt liv.

For kommande søndag, 19. oktober, skal Blå Kors vende seg til heile folket i NRK’s TV - aksjon og be om plass for og støtte til nokon som treng å lyftast opp: barn og ungdom som offer for dei vaksne sitt rusmisbruk.

Vi veit at det er minst 120 000 barn i Norge som veks opp i familiar prega av rusmisbruk.

Det er eit stort privilegium og eit endå større ansvar å gjere seg til talsmann for desse små menneska. Dei bur i eit land som få har innsyn i. Dei er lojale og gjer gjerne alt dei kan for å verne om familiens løyndom. Dei er som andre barn, glad i sine foreldre og tek ofte på seg skuld for dei vaksne sine problem.

I TV - aksjonen Blå Kors 2008 har vi bestemt oss for å tale deira sak. Vi vil seie : De er ikkje aleine, og vi vil sette himmel og jord i rørsle for at de skal få den hjelpa og støtten de treng.

No syng eg Marias sang saman med dei, saman med dykk.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Veronica Akselsen syngje ”Maria går blant tornekratt”.

Andakt 13.10.08 ved Geir Gundersen

Skog