Hopp til innhold

Livsens brød

Kanskje det varme, duftande brødet vi bakar i dag eller morgon, det bakar vi ikkje for å behalde, men for å gi vidare, seier Kari Veiteberg.

Kari Veiteberg
Foto: Privat

I namnet åt Skaparen, Frigjeraren og Livgivaren. Amen.

BRØD. 50 g gjær,3/4 liter vatn,3 ts salt,1 kg rugmjøl. Rør gjæren ut i fingervarmt vatn, osv. Kna deigen, forma til, legg på bakepapir, steik nederst i ca 30 minutt.

Eg søkjer ei kristentru som ser samanhengar, mellom måltid og nattverd, mellom kristelig og verdsleg, mellom kyrkjerom og verdas rom. Ordet blei menneske, med kjøt og blod. Gud er, gjennom Jesus Kristus, blitt kropp. Eg trur at den tenkjemåten som skil for strekt mellom andlegt og verdsleg, tru og gjerningar, kropp og sjel - eg trur at den fører oss på villspor.

Brødet, deigete hender, lukta frå steikeomnen kan vere steget inn i denne nye dagen. I dag ber eg deg sjå – sanse – brødet framfor deg.

Denne dagen,16.oktober, har FN at utnevnt til Verdas matvare dag. Vi blir oppfordra til å ta innover oss at fordelinga av jordas matressursear er voldsom skeiv: 800 millionar menneske lir av kronisk sult i verda vår.

Brødbiten set seg i halsen. Samvittigheita.

Dei første kristne – i oldkyrkja – skjønte samanhengen. Når ein feira nattverd, braut diakonen brødet og etter messa tok ho eller han brødet med ut og oppsøkte fattige og gav brødet til dei. Utsendelse av diakonane, ordet messe betyr eigentleg utsendelse, og stammar sannsynlegvis frå denne utsendelsen med brødet til dei fattigaste, sjuke og dei som sat i fengsel.

Skal vi prøve å gå den vegen saman? Det brødet vi eig, kanskje det varme, duftande brødet vi bakar i dag eller morgon, det et bakar vi ikkje for å behalde, men for å gi vidare. Del brød! Veit du, det spesielle med kjærleikshandlingar, er at dei veks og veks, di meir dei vert delte.

Det er vanskeleg. Men eg trur vi må gjere det. Vi har fått denne verda i gåve, ho er dyrerbar, og eg synes at vi skal prøve å arbeide mot meir rettferd. TAKK TIL alle de som gjer det! Takk til alle som lagar mat og deler ut. Der brødet blir delt, gitt ut, der kjærleik veks, gror og fløymer: Der er Gud.

La oss be denne bøna gjeven oss frå det Sør Afrika:

Oppstandne Kristus, Ved å bryte brødet gjorde du deg kjent for dei to disiplane i Emmaus.

Brødet som vi no bryt er eit symbol på den brotne og splitta verda. Opne du våre auge og våre hender for alle menneskes behov.

Lat opp hjarto våre så vi deler gåvene dine, slik som vi no deler livets brød i kyrkjas fellesskap verda over.

Hjelp oss å vera medvandrarar for kvarandre, og saman gje brødet vidare - håpets brød, livets brød, fredens brød.

Skriv til Kari Veiteberg her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * ** * * * * * * * * * * * 

Vi høyrer Bryn Terfel syngje "Panis Angelicus".

Andakt mandag 16/10.

Skog