Draumar har i seg ein årvåkenhet som i alle fall eg ofte har ynskt meg å kunne ta med inn i den vakne tilstanden.
Farger; stemningar; ja, endåtil smaker og lukter blir tydelege og klare i draumen. Ein draum som er tydeleg for oss når vi vaknar, kan vi bere med oss gjennom heile dagen, så vi til sist lurer på om det er verkeleg det vi har drøymt.
Sakarja var ein mann som hadde syner om natta. Tilfeldige draumar var dei ikkje, men sanne og klare og tydelege. Så tydelege at han han måtte fortelje dei vidare; slik Gud hadde pålagt han å gjere:
Sak 3, 1-5.
Sakarja fortalte levande om det han hadde sett. Så tydeleg, at eg også ser for meg Josva og engelen, - og Satan, som stod på hans høgre side.
Så levande fortalte Sakarja, at det gamle bildet frå teikneseriane kjem fram, om den gode engelen som sit på den eine aksla og kviskrar det gode ein bør gjere, og den vesle djevelen som sit på den andre aksla og kviskrar det vonde ein bør gjere. Og den som har desse skapningane på akslene, må ta eit valg – mellom det gode og det vonde.
Går det an å tøyle Satan? Er det mogleg å tukte det vonde og tvinge oss sjølv til å gjere det gode?
Er det verkeleg slik, som biletet i draumen – at ein god engel sit på den eine aksla vår for å få oss til å velje det gode, og at djevelen freistar oss på den andre?
Bibelen har mange forteljingar om menneske som vert freista, og som må ta eit val mellom det gode og det vonde. Men til sist var det Jesus som tok det endelege oppgjeret med det vonde, då han valte bort alle rikdomar; alt gull; all makt som djevelen freista han med, berre han lot vere å velje menneska.
Jesus valte oss; - Jesus valte å reise oss opp og gje oss verdighet som menneske.
Han valte bort Satan og alle freistingane. Ikkje lettvint ved å nikke til den eine, og riste av seg den andre, men ved å gje livet sitt for dei som Satan synes er dei aller minste, - oss menneske.
Vi veit at det ikkje alltid let seg gjere å velje mellom det gode og det vonde. Livet byd oss på både godt og vondt. Også det som er så vondt, at vi ikkje trur det er til å bere.
Mykje av det som skjer rundt oss; det vi opplever nært og det vi veit skjer langt borte, evner vi ikkje å velje bort, sjølv om vi aldri så gjerne ville.
Det valet var det Jesus tok for oss då han gav seg på veg opp til Jerusalem for å døy.
Slik valde han for oss - ein gong for alle. Jesus valte oss. Vi er utfordra til å gå den vegen saman med Jesus.
Og til dagleg å ta opp kampen mot det vonde på vår stad, slik vi evner det. Livet vårt er å stå i spenninga mellom det gode og det vonde.
Vi kan velje kven vi vil gå saman med. Det er ikkje draum, men verkeleg!
Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.
Vi hører sangen "Svikt ikke dine drømmer" - framført av Øystein Wingaard Wolf som også har skrevet både tekst og melodi.