Hopp til innhold

Liding og forfølgjing

Det kan vera vanskeleg å forstå all pine som Bibelen fortel om. Mange kristne lir også i dag for trua si, fortel Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Teksten er henta frå Rom. 8, 33-39.

Kor mange filmar har vi ikkje sett der dei to elskande lovar kvarandre evig kjærleik med intensitet og patos jamvel i dei mest umoglege og risikofylte situasjonar. Kor mange par har vi ikkje høyrt lova kvarandre truskap til døden, framfor altaret i kyrkja.

Både filmerfaringa og statistikken fortel at det går gale med mange av desse lovnadene. Kva er det med den kjærleiken? Kan vi ikkje stola på han likevel? Er kjærleiken ein risikofaktor som ein ikkje kan knyta nokon lovnader til i det heile?

Ro 8 fortel om ein kjærleik som ein ikkje kan skiljast frå; sjølv ikkje under dei mest forferdelege forhold. Guds kjærleik er av ein annan kaliber enn vår. Han kan ikkje øydeleggjast. Ein kan rømma frå Guds kjærleik, men ikkje missa han.

Romarbrevet skildrar ein kjærleik som tar vare på den elska under alle vilkår, når ein er som jaga vilt, eller som ein slaktesau, som teksten seier; når livet er i fare og ein står framfor avgrunnen, då er Guds kjærleik der, og han held gjennom livet og gjennom døden.

Det kan vera vanskeleg for oss å identifisera oss med all den pine som står omtala i bibelteksten. Men det er mange nok mellom våre kristne brør og søstre som veit kva det er å vera forfølgde og forkomne. Tenkjer vi på den verdsvide kyrkja, og ikkje berre på vår heimlege andedam, er det ikkje vanskeleg å finna døme på liding og sorg og smerte.

Men korleis kan ein vita seg elska når kjærleiken går på livet laus? Fordi Bibelen fortel at denne kjærleiken varte inn i døden også for Gud sjølv. Fordi mange vitnemål, også frå menneske i store prøvingar, fortel om at Guds kjærleik held dei oppe gjennom alt det vonde og gir dei trøyst og håp. Fordi kjærleiken aldri fell bort, som Paulus skriv. Fordi Gud er kjærleik.

Eller med orda frå Romarbrevet 8:”Kven kan koma med skuldingar mot Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. Kven kan då fordømma? Kristus Jesus er den som døydde, ja, meir enn det, han vart reist opp og er ved Guds høgre hand, og han bed for oss. Kven skan skilja oss frå Kristi kjærleik? Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd? Som det står skrive:

For di skuld blir vi drepne dagen lang, vi blir rekna som slaktesauer.

Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss, For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er, eller det som koma skal, eller noka makt, verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.”

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Carola syngje ”Størst av alt”.

Andakt torsdag 5/10.  

 

Skog