Familien vår var ein tur i Egypt. Der reiste vi inn i eit ørkenområde som ikkje hadde hatt regn på seks år. Landskapet var prega av stein og sand og himmel. Vi såg ingen ting som voks. Likevel levde det både folk og dyr her. Eg trur eg ville speida etter ei regnsky på himmelen kvarenda morgon eg stod opp, dersom eg budde ein slik plass.
Det er vel ikkje så mange av oss nordmenn som drøymer om meir regn, eller om kjeldevatn og friske bekkar no midt på vinteren. Men Bibelen vart skriven i eit område med sviande sol og tørr jord, med heite ørkenvindar og sand. Under slike forhold blir vatn noko av det viktigaste som finst. Slik har det vore gjennom tusenvis av år, og slik er det framleis. Difor er også vatn eit av dei mest brukte bilete på liv og frelse i Bibelen.
Det var to måtar å få vatn på i det tørre berglandet. Anten fann ein kjelder med friskt eller levande vatn, eller ein måtte samla regnvatn i brunnar eller sisterner i den perioden av året då det var nedbør. Ein måtte spara på brunnvatnet, for det skulle rekkja heile tørketida til ende og gi vatn til folk og dyr. Men brunnane kunne ha sprekker djupt der nede slik at vatnet rann ut. Difor måtte dei ettersjåast og vølast.
Bibelordet i dag er alvorleg; tala av ein profet som Herrens ord kom til alt medan han var ein ungdom. Profeten Jeremia er kjend for jeremiadane sine, eller Klagesongane. Men han klaga ikkje først og fremst på eigne vegne, endå han leid mykje vondt. Han klaga over at folket hans hadde vendt seg bort frå Gud.
Slik lyder ordet frå Herren, tala gjennom Jeremia i kap. 2:
"For to vonde ting har folket mitt gjort: Dei har gått bort frå meg, kjelda med levande vatn, og hogge seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn."
Det levande vatnet er eit bilete på frelse og velsigning. Berre hjå Gud er det levande vatnet. Også Jesus tala om levande vatn. Ved Jakobsbrunnen i Samaria, fortalde Jesus ei utstøytt kvinne at han hadde levande vatn som kunne sløkkja tørsten hennar. Historia om kvinna og Jesus ved brunnen er preiketekst i kyrkja på sundag.
Det gamle biletet med kjelda og brunnen er enkelt å forstå og verkar forbausande aktuelt. For mange leitar også i dag etter vatn til å sløkkja livsens tørste med. Og mange grev seg brunnar på ulike stader, i filosofiar og religionar, i åndelege straumdrag eller i sitt eige indre. Somme finn også ein skvett vatn å leska seg på. Men brunnane held ikkje på vatnet, og tørken og tørsten melder seg på nytt.
Men hjå Gud er kjelda med det friske, levande vatnet. Og i ordet sitt auser han opp for oss og lar oss drikka.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Grimstad kammerkor synger "En kilde til liv".