Teksten er henta frå Joh. 1, 35-42.
God morgon!
Sjå dei for deg desse tre: Den karismatiske predikanten Johannes, med tilnamnet Døyparen, -og to av læresveinane hans. Ifølgje Johannesevangeliet kap 1 skjer følgjande. Døyparen Johannes ser Jesus koma gåande og seier: Sjå, der er Guds lam! Dei to læresveinane høyrer kva han seier – og følgjer etter Jesus. Att står Johannes aleine. Det er eit sterk scene, og du kan ha stor nytte av skiftevis å identifisere deg med Døyparen Johannes og dei to læresveinane hans.
Alle gjer det dei skal, ut frå den djupaste grunnen i livet deira.
Døyparen Johannes gjer det ein åndeleg leiar skal. Han peiker bort frå seg sjøl, mot det som er større enn han sjøl, mot den som er større enn han sjøl. Han bind ikkje elevane sine til seg. Han spelar ikkje på deira avhengigheitsbehov. Han brukar sin visdom til å trø til sides og peike på ein djupare visdom. Han sender læresveinane frå seg til Jesus: Sjå, der er Guds lam.
Og læresveinane? Dei følgjer sine djupaste og sannaste behov. Dei har hatt ein god lærar. Han har stimulert deira sentrum, elska og arbeidd fram deira indrestyring. Difor høyrer, ser, forstår dei – og bryt opp i same stunda. Dei kastar ikkje bort tida. Dei går straks dit lengten fører dei.
Så følgjer neste scene og ei utveksling av tre setningar. Jesus snur seg og ser at dei følgjer etter han. Han seier: Kva vil de? Dei svarar med eit spørsmål: Kvar bur du, rabbi? Jesus seier: Kom og sjå. Og det gjer dei: går med han, ser kvar han bur, følgjer han inn og blir verande hos han heile dagen. Konklusjonen deira er klar og personleg. Vi har funne Messias.
Eg kjenner fortellinga ta tak. Eg ser korleis rabbi Jesus følgjer opp rabbi Johannes. Korleis han vernar om mennesket sin fridom: Kva vil de? Eg kjenner frisk luft, og smakar dette velsigna fråveret av manipulasjon: Kva vil du, Geir? Kva søkjer du i livet? Kva lengtar du etter? Kva er dine djupaste behov? I dette rommet av fridom og respekt kan eg svare: Eg lengtar etter sanninga om Geir, om Geir og Gud, eg lengtar etter å kome helt heim til den.
Dette har eg lært av mor mi. Ho døydde for nokre månader sidan. Ho hadde vore ein kristen heile livet og kunne alle songane i Sangboka utanboks. Men då ho nærma seg slutten, vart språket heilt enkelt og spørsmåla så store: Kven er eg, Geir? Kva er det som hender meg no? Ho spurde til ho fekk svar, og døydde i fred.
Kva vil du? Kva søkjer du?
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi hører Tore Ljøkjel i "Hymn to freedom" av Oscar Peterson.