NRK Meny
Normal

Kristus er oppstaden

Ragnhild Jepsen er prest i Nidarosdomen i Trondheim og vekas andaktshaldar i NRK P1.

Fung. domprost i Nidarosdomen Ragnhild Jepsen
Foto: Morten Andersen / NRK

God morgon! - seier vi. Christos Anesthæ seier dei desse dagane i den ortodokse kyrkja: Kristus er oppstaden. Like sjølvsagt som at vi seier «hei» når vi skal bestille ein kaffi eller møter kvarandre på butikken, like sjølvsagt er det altså å bli møtt med desse fantastiske orda i andre delar av verda: Kristus er oppstaden! Tenk om vi også sa det til kvarandre når vi møtes i desse vekene etter påske.

Ord som stadig vert gjenteke, sjølv om dei kanskje blir sjølvsagte og etterkvart ikkje så innhaldsfylte, blir like fullt ein del av medvitet vårt. Når vi seier «god dag», er det jo fordi vi ynskjer kvarandre ein god dag. Når helsinga er «Kristus er oppstaden», er det fordi Kristus lever! Og det blir ein del av medvitet vårt; - ja, slik er det jo! For ein fantastisk tanke å ha med seg gjennom dagen: Jesus lever.

Bibelordet i dag er frå det Gamle Testamentet, frå Salme 116. Her taler også ein eller ei som har fått oppleve gleda ved å kjenne liv og krefter: Eg får ferdast for Herrens åsyn, i landet åt dei levande. Vi får ferdast i landet åt dei levande! Der er Gud.

Livskrefter og dødskrefter er dei sterkaste kreftene vi kjenner. Ikkje noko menneskeliv kjem utanom å forhalde seg til både liv og død, om vi aldri så gjerne ville. Sjølv ikkje vi – som lever i den tida der det i historiebøkene vil stå att etter oss at vi utfordra både livslengda og kreftene for å rå over det heile sjølv. - Sjølv ikkje vi unngår den kampen mellom kreftene som endar med vår jordiske død.

Heller ikkje Jesus kunne sleppe unna kampen mellom kreftene. Når vi kan tru at vi lever i lyset frå påskedagen og den tomme grava, er det fordi Jesus har vore i det ytste mørke og kjempa mot det vi fryktar aller mest; døden. I tre dagar var verda utan håp. Gud var død. Men då Jesus stod opp frå grava, kom håpet om livet attende til jorda.

Vår jordiske død er framleis ein realitet. Men håpet om livet er enda sterkare. I landet åt dei levande – der er Gud. Der får vi nye krefter. Der blir alt liv teke på alvor. Så når eg nokre morgonar i denne veka vil helse deg med orda Kristus er oppstaden, er det djup, djup sanning. Så sant, at vi kan seie med bibelens ord: Vi får ferdast for Herrens åsyn; i landet åt dei levande.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Josh Groban - «You raise me up»