Teksten er henta frå Salme 66, 1-9.
Kom og høyr ein sangar synge Kom og sjå!
Lat liv møte liv. Opne øyre, opne auge, opne sinn for ein Annan som vil dele sine dyrt kjøpte erfaringar med oss.
Denne sangaren har sett på livet sitt og oppdaga Gud i det. Han er fylt til randa av det han har sett. Han må synge sine syner syner fram. Han har ikkje sett Gud, han heller. Men han har oppdaga spora av Gud i sine erfaringar. Han har gjort det som ordet erfare opphavleg betyr.
Han har kryssa mange grenser og gitt seg inn i den ukjende geografien som eit menneskeliv er. Han er blitt kjent med dette ukjende ved å gå omkring i det, på kryss og tvers. Og no er han bokstaveleg tala ute av seg, ute av seg av glede over det han har funne.
"Kom og sjå Guds gjerningar" syng han i Salme 66.
Lat lovsongen ljoma for han, han som held oss i live og ikkje let vår fot vera ustø."
Vår sangar er ingen hysterikar. Sangen bryt fram frå dei djupaste lag i medvitet. Det er som om han endeleg har funne det han så lenge har leita etter. Han har sett på livet sitt før. Smaka på dei gode dagane og søkt etter meininga i dei mørke. Søkt, leita, banka på livsens smertepunkt til han kan synge slik:
"For du har sett oss på prøve, Gud, og reina oss som dei reinsar sølv. Du let oss gå i garnet og la ei bør på våre hofter. Vi laut gå gjennom eld og vatn.
Men du førte oss ut og gav oss overflod."
Høyrer du, ingen særvilkår for dei truande, ingen veg utanom den lidinga som høyrer menneskelivet til. Men vår songar har oppdaga seg sjølv og sin verdi i livsens prøver – og han har oppdaga Gud i dei.
To vegar ligg framfor deg, på ein må du gå, heitte det i ein song på Bedehuset. Er det kanskje slik at vår sangar denne morgonen stiller oss framfor det store valget mellom to måtar å sjå og leve livet på.
Anten: Den nådelause, der det ikkje finst noko meining å oppdage, der fortvilinga ligg snublande nær. Eller: Den som bankar på livsens gåte til meininga opnar seg, spør etter Gud til Gud viser seg, som lik patriarken Jakob slåss med Gud heile natta igjennom, heilt til han velsignar.
Kom og sjå Gudsgjerningar i livet ditt!! Kom nær livet ditt slik det faktisk er, og sjå Guds gjerning i det!
Vil du skrive e-post til Geir Gundersen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Kirsten Bråthen Berg i salmen "Deg å få skode".