Hopp til innhold

Kjærleiken størst

Det er kjærleik og respekt, frå andre og til seg sjølv, som tenner livsviljen på nytt, som opnar den gode sirkelen, som gir næring til valget om ein ny veg, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

STØRST AV ALT ER KJÆRLEIKEN

God morgon!

Visst treng vi å sjå sanninga i augane.

Sanninga om det som er gale i oss og rundt oss. Visst treng vi å opne løynde rom i oss – og i samfunnet. Sette rett namn på det som trugar og skadar oss. Men enno meir treng vi å sjå sanninga om kjærleikens makt i augene. ” Så vert dei verande desse tre ”, seier Paulus: ” tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken ”.

Den djupaste sanninga om mennesket handlar ikkje om vår skuld, kor forferdeleg vi kan såre og skade kvarandre. Dette er den djupaste sanninga om mennesket slik eg ser det: at kvart menneske på kloden, du og eg, same korleis det steller seg, er villa og elska av Gud.

Gud kan ikkje anna enn elske mennesket som han har skapt. Sjå rakt inn i Guds hjarte slik vi møter det hos profeten Hosea kap. 11. Guds hand er løfta for å fullføre ein rettferdig dom over eit trulaust folk.

Men så:

”Hjarta vender seg i meg, all min medynk vaknar. Eg vil ikkje følgje min brennande vreide. For eg er Gud og ikkje eit menneske, Heilag midt mellom dykk Eg vil ikkje koma med harme.”

Den djupaste sanninga om mennesket er Guds kjærleik til det. Det er også erfaringa vår i Blå Kors, og vi drøymer om at det norske folk skal få en smak av det under TV – aksjonen komande søndag. Vi veit at ingen dømer seg sjøl slik ein rusmisbrukar kan gjere det.

Vi veit at kombinasjonen av sjølforakt og medmenneska si forakt held rusmisbrukaren nede i ein drepande sirkel av sjølskading og skade på menneska rundt seg. Men vi veit og at det er kjærleik og respekt, frå andre og til seg sjølv, som tenner livsviljen på nytt, som opnar den gode sirkelen, som gir næring til valget om ein ny veg. Og då kan også skadde og brotne relasjonar til barn, livspartnar, vener byggast opp att på nytt.

Vi veit og at det er dette barn som veks opp i rusmisbrukande familiar treng. Vaksne som bryr seg, kjærlege augo, lyttande øyre, som vil vite kva som er gale – anten det er helsesøster, læraren eller ei nær slektning.

Det er det same eg, Geir Gundersen, treng: Kontakt med kjærleikens kjelde, med Gud som ser meg, med eit hjarte fullt av miskunn. Så eg kan akseptere meg sjøl slik eg er, reise meg når eg fell og ta imot nytt, friskt liv.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer ”Fylt av glede over livets under” som er ein dåpssalme, og han vart sungen av Marit Carlsen, og Simon Flem Devold spelte.

Andakt 16.10.08 ved Geir Gundersen

Skog