Hopp til innhold

Kjærleik utan vilkår

Nåden i Guds rike er utan vilkår. Vi får kome akkurat som vi er. Hjelpelause, utan forteneste, berre med oss sjølve – slik vi er, seier Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen
Foto: Helge Helgheim / NRK

Når dei små borna vert døypte i Nidarosdomen, lyfter vi dei opp framfor kyrkjelyden med fylgjande ord: Jesus seier: Den som tek i mot ein av minste, tek i mot meg. Ta i mot Julie!

Slik vert dei borne inn i fellesskapet. Det fellesskapet alle døypte er del av: Vi som er gamle, unge, rike, fattige, friske, sjuke…

Ofte smiler barna når dei vert løfta fram for kyrkjelyden. Tårene som vart felt i fortviling over å måtte leggast ned til vass-speglet av litt usikre hender, er med eitt borte. Foreldre, fadrar og familie rundt er letta og glade over det store som har skjedd ved døypefonten. Og menneska i kyrkjebenken smiler attende. Sjarmerte av barnet. Takknemlege over Guds under. Glade over eit nytt lem til Kristi kropp. Slik blir vi borne inn i Guds famn. Der vi alltid får vere sidan.

Eg synes det er vakkert, og samstundes utruleg sterkt at eit lite spedbarn – som aldri har gjort seg fortent til noko etter vår målestokk, vert teke så vilkårslaust inn i Guds rike! Aldri har det gjort seg fortent til løn, omtale, status – slik vi i vår tid og i vårt samfunn tenkjer er viktig for at nokon skal vere verdifull. – Vi som har vent oss til å høyre orda ”Fordi du fortener det!”

Tvert imot er barnet hjelpelaust og heilt avhengig av at nokon rundt har kjærlege hender og omtanke for at det skal greie seg. Og likevel er det altså slik vi vert tekne inn i Kyrkja; inn i fellesskapet med Jesus: Med kjærleik utan vilkår.

Dagens bibeltekst les vi frå Lukasevangeliet:

Tanken kom opp mellom disiplane om kven av dei som kunne vere den største av dei. Men Jesus skjøna kva dei tenkte i hjartet. Han tok eit lite barn, sette det attmed seg og sa til dei: ”Den som tek i mot dette barnet i mitt namn, tek i mot meg. Og den som tek i mot meg, tek i mot han som har sendt meg. For den som er minst av dykk alle, er stor.

Så får vi ta med oss gode tankar inn i dagen:

Nåden i Guds rike er utan vilkår. Vi får kome akkurat som vi er. Hjelpelause, utan forteneste, berre med oss sjølve – slik vi er. Slik livet har fare med oss. Eller slik livet enno ikkje heilt har byrja.

Den minste blant oss er stor i Guds rike.

Og slik skal vi tenkje om menneskeverdet. Om dei små i blant oss. Om barna. Om dei som ikkje tilfredstiller det moderne samfunnets krav til effektivitet og suksess. Det er Jesu ord: Den som er minst av oss alle, er stor.

Skriv e-post til Ragnhild Jepsen.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Marianne Juvik Sæbø med songen "Ingen er så trygg i fare."

Andakt 21.10.08 ved Ragnhild Jepsen

Skog