Gamle fiskaren Simon Peter sit velstelt og helgekledd i ein festsal i Jerusalem. Det angar av krydder og olje, lokkande dufter sivar inn frå kjøkenet, lampene lyser klårt og osar ikkje. Peter gler seg til måltidet som ventar. Samtidig ber han på ei tung kjensle inni seg, ei sorg. No er det er om lag tre år sidan han steig i land frå fiskebåten, forlét alt og følgde Meisteren. Mykje har han høyrt, mykje har han sett. Store ting.
Men frå i dag vil alt bli annleis. Det veit hjarta hans. Sjå, der kjem Meisteren! Men kva er det han gjer? Han har lagt kappa av seg og knytt eit linklede rundt livet, som ein slave, og ber på eit vaskefat! Han vil då vel ikkje gjera denne fornedrande tenar-jobben, den dei alle saman har halde seg for gode til å ta? Slik fortel Johannes om det i sitt evangelium kap. 13; han var der då det skjedde, og det må ha gjort inntrykk også på han!
"Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: 'Herre, vaskar du mine føter?' Jesus svara: 'Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.' 'Aldri skal du vaska føtene mine,' seier Peter. 'Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ikkje noko saman med meg,' svara Jesus. Simon Peter seier til han: 'Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med!' Men Jesus svara: 'Den som har lauga seg, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine - men ikkje alle.' For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: 'De er ikkje reine alle.'"
Peter sine føter og heile hans liv vart innvigd til vandring på Herrens vegar; reinsa og velsigna. Etter måltidet gjekk han med Meisteren over Kedron og til Getsemane denne natta då Jesus vart tatt til fange og ført bort for å drepast.
I alle dei år etterpå, minnest Peter Meisteren sin i tenarens skapnad. Han ser ned på den krumme ryggen, den bøygde nakken der håret har skilt seg; han kjenner korleis vatnet renn frå Meisterens hender over harde fotsolar og trøytte anklar, fjernar støvet frå tærne. Korleis hendene hans tørkar føtene med linkledet. Å, desse hendene! Dei lækte svigermor hans ein gong, dei velsigna borna, dei braut brødet, og til sist: Naglemerka!
Den som elskar, er ein tenar for den han elskar. Den som elskar, gir seg til den han elskar. "Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine", sa Jesus.
Sidan fekk Peters føter gå langt og vidt med bodskapen om han som døydde, og stod opp. I stille timar, kunne Peter sjå for seg Herrens bøygde nakke og kjenna dei velsigna hendene over trøytt hud.
Ein morgon reiste Peter seg i ei fengselscelle, og dei vigsla føtene hans gjekk sine siste steg, til ein rettarstad. Men Herrens hender strauk han varleg også i denne timen, og Peter svara: "Herre, du veit alt; du veit at eg held av deg!"
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Bjørn Eidsvåg synger sin egen sang "Kyrie".