Jesusforteljingane hugsar eg frå oppvesten. Det får meg til å setje ting i perspektiv. Eg hugsar "bileta" både frå skolen og søndagsskolen, seier Karita Bekkemellem Orheim.
I ein travel kvardag blir det nok ikkje alltid like mykje tid til å ta fram og fundere på desse bileta. Men eg meiner likevel at vi har godt av å stanse opp og tenkje over barnelærdommen vår som er like aktuell i dag, seier ho.
Stortingspolitikaren har ein travel kvardag der det går for full fart heile tida. Men sjølv om det er travelt, er det godt å kunne ta ein liten pause av og til.
Samtalen i dag tar utgangspunktet i forteljinga om kvinna som vart gripen i ekteskapsbrot. Jesus at at den som var utan synd, skulle kaste den første steinen. Men alle gjekk skamfulle bort. Ingen hadde dømt henne, og det gjorde ikkje Jesus heller.
Hovudbodskapen i denne teksten er at ingen har lov til å dømme eit anna menneske. Vi kan heller ikkje rope ut vårt verdisyn eller levemåte som den einaste rette eller korrekte.
Denne teksten gjer det naturleg å spørje om det er anna verdisyn som gjeld for kvinner en for menn. Skal kvinner bli sette i gapestokken på ein annan måte enn menn for sine feilgrep?
Det handlar også om å ta stilling. Vi som menneske er raske til å fordømme andre utan at vi tenkjer oss om. Vi skal ha toleranse og vere romslege mot kvarandre. Det er viktig ikkje minst i politikken, seier Orheim.
Bibelen gir gode rammer for korleis vi skal leve. Desse ideala skal vi prøve å strekkje oss etter. Men så har også Gud skapt mennesket som gjer sine feil!
Karita Bekkemellem Orheim minnest songen som Inger Lise Rypdal song for mange år sidan. Det var "tilsynet for høg moral" som tykte skjørtekanten var for "høg". Dei høge herrane dømde henne. Lagnaden fér ulikt med oss, og vi må tenkje oss om før vi dømer andre.
Toleranse og nærleik er viktige for å ikkje dømme andre. Vi har fått eit samfunn der vi har det travelt og hastar mykje. Møtepunkta og møteplassane er viktige i nærmiljøet. Vi betaler ein høg pris for den moderne livsformen vi har. Vi treng pusterom. Men det gjeld å gripe dagen i dag og kose oss med han.
Vi er avhengige av å ha ein trygg plass å bu. Slik det er hos oss, er det vanskeleg for dei unge å etablere seg og klare seg. Dei unge har store utfordringar. Nokre har høge studielån og brukar pengar på barnehage.
Slik situasjonen er i samfunnet, ønskjer vi kvinner å ta del i samfunnsoppgåvene samstundes som vi ønskjer å vere gode foreldre. Derfor må vi satse meir på felleskapstiltak, meiner stortingsrepresentanten.
Eg er oppteken av at alle skal kjenne seg frie. Alle må få lov til å forme livet sitt slik dei vil. Men økonomien må ikkje setje grenser. Derfor må vi dele på rikdommen og vise solidaritet i kvardagen, seier Karita Bekkemellom Orheim.
Teksten er skriven for nett av Helge Helgheim.