Teksten er henta frå Rom. 5, 15-16.
Ei dame eg var saman med i ein time for fem år sidan, kjem eg heilt sikkert aldri til å gløyma. Det var det ho gjorde. Og noko ho sa.
Ho budde midt i Soweto, den svære forstaden til Johannesburg i Sør-Afrika, der den svarte motstanden mot apartheid-samfunnet var spesielt sterk. Etter at raseskiljepolitikken var avskaffa, levde mange av dei verste konsekvensane av apartheid vidare i Soweto: Ran, skyting kvar natt, drap fleire gonger i veka. Valdtekter. Arbeidsløyse. Mannfolk meir innstilte på rus enn på å ta vare på borna sine.
Så gale er det, at mange av dei som veks opp kjem til å døy unge. Av ei kule, eller av aids. Mange andre blir kjeltringar.
I dette miljøet dreiv dama barnehage. Heime i sitt eige hus, på heilt frivillig basis, utan offentleg støtte. Ungane, mellom 40 og 50 i talet, var der frå sju om morgonen til seks om kvelden. Tre måltid fekk dei. Det hende dei kom søndagar òg, for ikkje alle hadde det så triveleg heime.
Dama lærte dei rim og eventyr. Songar. Bordskikk og alminneleg høflighet. Og engelsk, frå dei var tre.
- Dei treng det, om dei skal ha nokon sjanse, sa ho.
Ho visste at sjansen var liten, uansett. Likevel dreiv ho på.
- Korleis orkar du dette, dag etter dag og år etter år? spurde eg.
- Oh, you know: I pray a lot. Jo, eg ber ganske mykje.
Ho var veldig tydeleg på at det ikkje var ein ideologi eller ide som dreiv henne i arbeidet, men Jesus. Det var han ho hadde med i planlegginga, morgon, middag og kveld. Eller på krisemøte når ho ikkje visste å skaffa mat. Når djevelskapen hånflirte rundt henne og ungane hennar.
Bibelen snakkar realistisk om alt som kan gå galt. Paulus er inne på det, i brevet til romarane i kapittel 5. Men etter at han har skildra vondskapen, set han ikkje eit punktum. Det står eit men: "Men Guds nåde er så mykje større" (5, 15).
Eg har ikkje hatt kontakt med dama i Soweto sidan den dagen for fem år sidan. Men eg veit meir om å leva i Guds nåde. Det er ikkje ein teologisk teori. Men å satsa alt på eitt kort: At Gud er god. Og at han skal visa seg å vera mektigare enn all verdens skit.
Vil du skrive e-post til Jon Ådnøy, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Kari Iveland i ei norsk innspeling av den gassiske salmen "Milalilaly" - "Herre hør vår bønn" heter salmen på norsk.