Teksten er henta frå Mark .3, 31-35.
Ein mann nappar Jesus forsiktig i ermet: Mor di og brørne dine er her og spør etter deg! Dei vil du skal koma med dei.
Maria, Jesu mor, står og ventar på dørstokken til eit hus fullt av folk. Ho står der for å få tak i Sonen sin, og ho har brørne hans med seg. Kanskje vil ho ha han med seg heim, gi han mat, la han få kvila, verja han mot folkesnakket. For det er mykje snakk om denne guten hennar. Dei seier han er besett av ånder. Det har vore nokre av folket hans der før, for å henta han, men det har ikkje lukkast å få han trygt heim. Slektningane meinte ”han måtte vera reint frå seg”. Så går ho sjølv, mor hans. Han må då høyra på henne, han veit kor høgt ho elskar han, og sjølv har han alltid vore slik ein kjærleg og lydig son.
”Kven er mor mi og brørne mine?” lyder det inne i huset. Jesus ser rundt seg på den store flokken som har trengt seg saman omkring han: ”Dette er mor mi og brørne mine! Dei som gjer det Gud vil, er bror min, syster mi og mor mi.”
Orda når ut til henne på trappa og til dei forarga yngre brørne til Jesus. Korleis er det han talar, om mor si, om familien sin? Er ikkje dei noko verdt lenger, dei liksom. Kven trur han at han er?
Forteljinga i Markusevangeliet kapittel 3 stoppar der. Vi veit ikkje om Jesus kom ut, om han snakka med dei på trappa, om han følgde dei heim og fekk seg mat og ein kvil. Men vi veit at nokre av brørne hans var mellom Jesu disiplar i Jerusalem etter at Jesus sjølv var reist opp til himmelen. Og vi veit at Maria var i Jesu følgje heilt fram til kross og død og oppstode, og at Jesus viste henne omsorg og sytte for henne i sin siste time. Også seinare var ho i følgjet til disiplane og tente Sonen sin og hans rike så lenge ho levde.
Det svaret Jesus gav då han fekk vita at mor hans og brørne hans stod utanfor og spurde etter han, splitta ikkje familien for godt. Men slektningane forstod at Jesus var meir enn son og bror i ein liten familie i Palestina omkring år 30. Jesus kan ikkje bindast til tida og staden og slekta. Han tilhøyrer alle menneske og alle tider og alle stader. Han er gitt til alle, og til oss. Hans familie er av dei verkeleg store. Alle som gjer det Gud vil, er huslyden hans.
Samtidig seier svaret til Jesus noko om det forholdet vi kan ha til han. Han snakkar ikkje om medlemskap i ei verdsomspennande forening. Nei, han snakkar om nær familie: Kvar den som gjer det Gud vil, er bror hans, eller syster hans, eller mor hans.
Så gjeld det å finna ut kva som er Guds vilje! Det står mykje om Guds vilje i Bibelen. Noko av det kan summerast opp i Jesu eigne ord i Johannesevangeliet: ”For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv.”
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer Haslum mini-sing synge ”Vi tar hverandres hender”.