Hopp til innhold

Ingen prestasjon

Tru er ikkje ein intellektuell prestasjon. Det er ikkje noko ein må kunne. Ingen ting ein må prestere eller risikere ikkje å vere god nok i. Ingen skal kunne seie om di tru at den ikkje er bra nok, seier Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen.
Foto: Helge helgheim / NRK

Teksten er henta frå Ap. gj. 16, 25-34.

Når vi er sårbare, når livet rører ved oss på ein særskilt måte, då er det akkurat som om kroppen vår og sinnet vårt på ein heilt spesiell måte opnar seg. Sansane blir vare. Vi kjem nærare til oss sjølv og det vi lengtar etter.

Kanskje er det i dei tidene av livet vi verkeleg greier å stille oss spørsmålet: Kva er det eg treng? Kva er svaret på mine innerste lengslar?

Kanskje er det i slike tider av livet ein veks, og kan gå vidare som eit styrka menneske?

Bibelforteljinga i dag handlar om ein som møtte seg sjølv og det han lengta etter. Og som fekk eit enkelt svar på eit stort spørsmål: Kva skal eg gjere for å bli frelst?

Frå Bibelens historie om dei fyrste kristne, Apostelgjerningane, les vi:

Ved midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane høyrde på. Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen til fengselet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lenkjene losna av alle fangane.

Fangevaktaren fór opp av søvnen, og då han såg at fengselsdørene sto opne, drog han sverdet og ville drepa seg, for han trudde fangane hadde rømt.

Men Paulus ropa med høg røyst: ”Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.” Då bad han om lys og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas. Og han leidde dei ut og sa: ”Gode herrar! Kva skal eg gjere så eg kan bli frelst?” 

Dei svara: ”Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og huslyden din.” Straks etter vart han døypt med alle sine. Eg sa at mannen fekk eit enkelt svar på eit stort spørsmål: Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst!

Akkurat som dørene i fengselet opna seg og lenkene på handjerna losna, er vi inviterte til å opne hjartene våre. Det var det fengselsvaktaren gjorde. Han opna hjartet sitt. Til tru!

Tru er ikkje ein intellektuell prestasjon. Det er ikkje noko ein må kunne. Ingen ting ein må prestere eller risikere ikkje å vere god nok i. Ingen skal kunne seie om di tru at den ikkje er bra nok!

Mannen tok i mot trua og gleda seg over vissheten om at han var frelst. Han opna seg, og tok i mot det som ei gåve. Det skjedde raskt; i løpet av ei natt.

Noko sto på spel. Dører opna seg. Han måtte ta i mot det der og då.

Å tru på Jesus er å opne seg og ta imot. Og likeså stilt som morgonsola plutseleg skin over kjøkenbordet ditt; likeså stilt kjem trua inn i livet ditt.

Kanskje visste du det ikkje ein gong, før tilliten plutseleg var der.

Skriv e-post til Ragnhild Jepsen.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Kristin Asbjørnsen syngje den amerikanske gospelen ”I’m on my way”.

Høyr andakten 22/5.

Skog