Teksten er henta frå Lukas 4, 23-30.
“Sanneleg det seier eg dykk:
Ingen profet er velkomen
på heimstaden sin.”
Det er nok mange som har funne trøst i dette bibelordet. Det har blitt eit folkeleg ordtak og det peikar på eit av dei virkeleg negative trekka ved mennesket og menneska sin kultur; behovet for å ta ned den som lukkast. Her i Skandinavia kallar vi det ”Janteloven”, etter ein klassisk småleg liten by sør i Danmark:
1. ”Du skal ikke tro at du er noe.”
2. ”Du skal ikke tro at du er bedre enn oss.”
Jesus, frå småbyen Nasaret, slapp heller ikkje unna. Han vart jaga frå sin heimstad. Det er ikkje så rart. Han var ganske direkte i sin kritikk av småbymentaliteten, viss ein skal kalle det dét. Eigentleg er det jo eit klassisk menneskeleg trekk.
Det spring antakeleg ut frå angsten for å bli oversett og forlatt. Det tryggaste er at vi alle er like – at det ikkje fins vinnarar, for der det er vinnarar der er det også taparar og det er det jo ingen som vil vere.
Det er kanskje litt søkt å kalle ein profet for ein vinnar, men på Jesus si tid så hadde nok profetar og vismenn ganske høg status. Dei levde nær Gud og fungerte som hans sendebod. Dessutan var dei sammfunnskritikarar og ideologar.
Amos blir av og til kalla ”verdas fyrste sosialist.” Han refsa dei rike og sloss for folket sine kår. Det er ein beundringsverdig kamp, men den har alltid hatt sin pris: ”Du skal ikke tro at du er betre enn oss”.
Det måtte vere rart for Jesus, som var Gud, og få denne meldinga: ”Du skal ikke tro at du er bedre enn oss.” Men, det er vel eigentleg den meldinga Gud har fått igjen og igjen, i utallige variantar, heilt frå den dagen vi fyrst blei frista til å smake på kunnskapen om godt og vondt for å ”bli som Gud” og klare oss på eiga hand.
Når vi ikkje greidde dét, og ikkje nådde opp, så var det vel ei nærliggande løysing å prøve å ta Han ned. Og vi tok han ned - heilt ned.
Men, til alt hell så er han faktisk betre enn oss. Han trakkar ikkje menneska ned. Han tilgir og reiser opp, igjen og igjen.