Teksten er henta frå 1. Peter 1, 3-5.
Von eller håp har blitt eit uttrykk som mange vedkjenner seg framfor tru. Der fins gode grunnar til dét. Hjå Paulus blir tru og von heidra som dei store dygdene, saman med kjærleiken, som er den aller største.
For mange blir tru ein prestasjon som det er vanskeleg å stå inne for eller dei vegrar seg for å ta standpunkt for ei sak som har skapt så mange konflikter som religionen har gjort gjennom tidene.
Vona eller håpet er lettare å fordøye, det krev mindre og det er vanskelegare å fråskrive seg. Kva vi håpar på er i grunnen ganske vanskeleg å styre. Ein kan godt håpe på ting ein ikkje tør å tru. "Det er lov å håpe,"seier vi. Som om det er for frekt å tru.
Eg kan ikkje velge mellom dei to; trua og håpet. Dei blandar seg. Den eine ber når den andre vaklar og dei nærer kvarandre undervegs. Trua driv meg til ein del ting. Den har på eit vis konsekvensar. Håpet ligg meir og ulmar i mitt indre og skaper liv og meining der.
I Bibelen er det faktisk Paulus som snakkar mest om håp. Det er litt underleg; han som var så sikker i si sak og hadde forklaringar på alt mogeleg. Job kjem som ein god nummer to. Job, som misste alt, men nekta å tvile på Guds rettferd. Dei var store tenkarar begge.
Dei trong vel til nyansar når dei skulle sette ord på forholdet mellom Gud og menneska. Paulus trong virkeleg mange ord og nyansar når han skulle forklare dette levande håpet som var kome til verda, fordi denne "levande vona" var ganske annleis enn det menneska før hadde kalla tru.
"Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde,..."
Det nye var at det handla om ein person – ein levande person. Den gongen, som no, var det mange som syntest det blei for uklart; for mjukt og veikt. På ein måte kan eg skjøne skepsisen.
Steintavler er meir haldbare og uforanderlige. Dei toler fleire slag. Dei døyr i alle fall ikkje. Og du kan faktisk pugge det som står der, slik at du kan tru akkurat det same, sjølv om originalen skulle bli borte.
"Den levande vona" handlar aldri om å tru akkurat det same. Den levande vona ber igjennom når det blir for vanskelig å tru akkurat det same heile tida, uansett kva som skjer. Eg kan ikkje velge mellom trua og håpet. Det gjorde ikkje Paulus heller. Han lot dei bli ståande der begge, saman med kjærleiken.
Vil du skrive e-post til Ingeborg Overvoll, kan du gjøre det her.