Teksten er henta frå Openberringsboka 20, 11-15.
"Så vart ei anna bok opna, livsens bok.Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine....Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen."
Eigentleg er det ingen menneske som er kompetente til å forkynne om desse tinga ? dom og straff og endetid. Ikkje berre går desse tekstene langt ut over vår fatteevne; dei er også veleigna reidskapar i hendene på menneske som vil ha makt over andre sitt sinn og som har behov for å ta livsmotet frå sine medmenneske.
Likefullt står der ein god del om endetida i Bibelen, og det er ikkje spesielt oppmuntrande. Eg har ofte undra meg over kor menneskeleg dette blir framstilt, i Openberringsboka, men faktisk også i evangelia.
Den store, grensesprengande visdomen som elles er så typisk for Jesus si forkynning, forsvinn på eit vis i endetidstekstene og det virkar som til og med han er tilbake i den gamle lovreligionen som han elles tordna imot.
Plutseleg blir verda igjen enkelt inndelt i gode og vonde, eller i verste fall heldige og uheldige, og det er ganske hårreisande utsikter som ligg og ventar. Det er iskald juss.
Jesus sin etiske forkynnelse er forresten ganske menneskelig og logisk. Av og til gløymer vi det. Den er grensesprengande og befriande, fordi den er så utruleg konsekvent.
Det er mange i høge posisjonar som blir stilt til veggs i møte med Jesus. Det er ofte dei små og utstøtte som vinn fram. Men, det er ikkje fordi han bryt med den gamle samanhangen mellom skuld og straff. Det er fordi dei andre har gjort dårleg jobb og ikkje har vore rettferdige.
I utgangspunktet byggjer Jesus si forkynning på den same balansen mellom skuld og soning som vi kjenner frå før. I orda om endetida blir dette tatt heilt ut i sin ytterste konsekvens, nådelaust og logisk. Og det er jo nettopp der Jesus står når han seier dei orda ? overfor den ytterste konsekvensen.
Det er fyrst gjennom oppstandelsen Jesus virkeleg bryt det logiske, konsekvente mønsteret. Derfor er det vel overfor oppstandelsen vi menneske gjerne møter veggen. Vi forstår ikkje lenger. Vi finn ikkje logikk og vi kjenner ikkje denne mulegheita. Og hverken juristar eller teologar er i stand til å forklare kva som skjedde.
Jesus trakk aldri tilbake dei vonde orda og dei grusome likningane han foralde i dagane før han blir teken til fange og drept.
Etter oppstoda spurde læresveinane igjen om endetida; når den skulle kome og kva som skulle skje med land og folk. Då svara han litt annleis: ?Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt - gå ut og ver mine vitne.Vil du skrive e-post til Ingeborg Overvoll, kan du gjøre det her.