Teksten er henta frå Jesaja 40, 9-11.
Eg skulle virkeleg ynskje eg kunne formidle til deg kjensla av å kvile i Guds hender. Ikkje at eg går rundt og kjenner det slik heile tida, men glimtvis, så gjer eg det. Når eg var barn kjende eg det oftare.
Eg kan hugse at eg virkeleg levde meg inn i desse litt sentimentale Jesusbilda som hang rundt i heimane til folk; der han gjekk og bar på eit lam. Det var litt sløra bilde med lyse, milde fargar. Ja, eg kunne godt tenke meg å vere eit slikt lam. Det er mykje snakk om lam i Bibelen.
Det er kanskje ikkje det mest opplagte bildet for eit moderne menneske, men for meg gav det god meining. Eg har vakse opp med lam, sett dei kome til verda og ikkje minst sett dei våge seg gjennom smalfjøsdøra i april/mai. Ute i det fri for fyrste gong i livet. Han farfar brukte å lage eit lite gjerde der rett utfor døra, så desse minste kunne få nyte vårsola.
Dei var nemleg så små at dei kunne smette ut gjennom sprinklene som heldt dei vaksne sauene fanga inne i fjøsmørket. "Som ein hyrding skal han gjæta si hjord. Han skal samla lamma i armen og bera dei ved barmen, og lamsauene skal han leia." Men, lammet er jo også det klassiske slaktofferet.
Den uskuldige som blei drept for å gjere opp for andre sine synder. Dét bildet kom mykje seinare inn i livet, og godt var det, for det kom sterkt. Etter at eg har blitt vaksen har eg lese og lært uendeleg mykje om skuld og straff og soning. "Du Guds lam, som bar all verdens synder..." Eg kjenner at eg kan bere begge desse bilda av lammet no, både det som Jesus ber på skuldrene og det som blir slakta.
Eg må bere begge desse bilda, for begge er sanne og det eine forklarar det andre. Det forklarar kor like vi er, eg og Jesus - og kor ulike. Kjensla av å kvile i Guds hender har ikkje blitt borte, men den har heilt klart blitt annleis med åra.
Det kjem stadig nye bilde og erfaringar inn og utfordrar. Sidan den gongen eg enkelt kunne drøme meg inn i glansbilda, har eg til og med sjølv blitt hyrde. Det slørete bildet av Jesus med lammet på skuldra blir meir og meir eit barndomsminne og det er greit.
Eg er ikkje så glad i pastellfargar lenger, men motivet har eg teke med meg, og eg trur det var ein veldig god og rett start på vegen fram mot å forstå det underlege og nære og sterke forholdet mellom lammet og hyrden og lammet.
Vil du skrive e-post til Ingeborg Overvoll, kan du gjøre det her.