Teksten er henta frå Salme 136.
Då eg kjøpte millitærstøvlar for å ruste meg til den nordnorske vinteren, hugsar eg at mannen bak disken sa dei skulle vare ?inn i evigheita?. Eg hugsar godt at han sa akkurat dét, at dei skulle vare ?inn i evigheita?.
Ikkje det at eg tok han bokstavelig. Kanskje han visste kven eg var og syntes det passa. Men, ordvalget hans skapte ei slags forventning om at eg skulle leve litt bekymringslaust framover, når det gjaldt sko. Etter to år limte eg dei, - så dei varte i 3 - år. Vi har lite erfaring med ting som varer. Det pregar oss.
"Pris Herren for han er god,
evig varer hans miskunn!
Pris han som er Gud
over alle gudar,
evig varer hans miskunn!"
På den tida dette var skrive ? det må ha vore kanskje 3000 år sidan ? trur eg ?evig? var eit ord folk på eit vis kvilte i. Eg får den følelsen når eg les frå dei gamle bibelske salmane. ?...evig varer hans miskunn.?
Det virkar som dei hadde evne til å tenke seg ?uendelig? som ei grei sak, som omslutta dei. Ein sørrelse dei måtte bøye av for. Kanskje ikkje heilt bekymringslaust, men eg høyrer ei slags grunnleggande, tillitsfull ro gjennom desse orda. Det smittar litt.
Slil slik grunnleggande ro er vel noko vi strevar med å finne i vår tid. Ein skulle tru at perspektiva utvida seg med kunnskap, men det har dei ikkje gjort. Evigheita er ikkje lenger noko vi kviler i. Det er nesten noko foreløpig. Noko vi ikkje har funne ut av enno. Det står på lista over ting vi må ta tak i.
Det er muleg det fins matematiske formlar som kan seie oss noko om kva uendeleg eigentleg innebér. Det er interessant, dét. Det er spennande med forskning bak tid og rom. Eg synest ikkje vi skal slutte med det, men eg vil heller ikkje misse evnen til å kvile og kjenne meg omslutta.
Eg har ikkje så volsomt behov for å tenke mitt eige liv som evig, det er i alle fall vanskeleg å forestille seg det konkret. Men, eg har behov for å tenke at det fins ei evigheit.
Eg synest sjølve ordet ?evig? er befriande. Det er godt å kvile i det. Denne forgjengelegheita er jo ganske slitsom. Særleg når vi i den vestlege verda har gjort den til eit mål i seg sjølv: bruk og kast.
Eg trur på ei evigheit og eg trur det er ein annan enn oss som skaper den, og som har makt over den. Det er dette siste som er det fantastiske med evigheita. Det er det som gjer at vi kan kvile i den, slik dei gjorde før - lenge, lenge før nokon i det heile tatt hadde tenkt på millitærstøvlar.