Teksten er henta frå Johannes openberring 3, 1-6.
Eg har ikkje lese mykje i Johannes Openberring. Det er ei mystisk bok. Det er lett å gå seg vill der. Eg kjenner menneske som har gjort dét i vanskelige perioder. Det edte på sjukehus for minst éin av dei.
Når vi slit med fortida og notida, så får vi ofte behov for i alle fall å kunne kontrollere framtida, slik at ikkje alt flyt. Men, det fungerer sjeldan.
Menneska har forresten alltid, uansett tilstand, hatt lyst til å sjå inn i framtida. Vi veit jo eigentleg ikkje kvifor vi er her på jorda. Meininga med det heile kjem til oss berre i glimt og konkrete opplevingar og dét pirrar den nysjerrige - og plagar den engstelege.
Johannes Openberring handlar om framtida, men eg trur ikkje boka er nokon god medisin korkje mot overmot eller angst av den grunn. Den er full av dramatisk poesi som ein ikkje kan forstå utan ein har ein del nøklar frå både religions- og litteraturhistorien.
Sjølv eit fullt teologisk embetsstudium gir faktisk berre små smakebitar av dette. Det betyr ikkje at boka er uvesentleg, men eg veit at den har skremt mange og eg trur ikkje dét fører noko godt med seg.
“Du har ord på deg for å vaka,
men du er som død."
“.............om du ikkje vaker,
skal eg koma som ein tjuv,
og du skal ikkje vita kva
time eg kjem over deg."
Det var adressert til ein kyrkjelyd i Sardes, men du verden for ein uhygge det spreier, dette at Gud kan kome brått på, som for å ta deg på fersken medan du har andre ting i tankane. Slike ord har tappa mangt eit liv for dei gledene Gud sjølv har lagt i menneska sin veg.
Bibelen er og blir ei bok med både trøstefulle ord og skremande visjonar, og eg har ingen rett til å avskrive nokon av dei. Men, eg veit litt om hovedpersonen i boka og at det er han som er den endelege dommaren ein gong der inne i den ukjende framtida.
Eg veit kven han er. Eg veit at Han har prøvd å vere menneske. Eg veit at han har gått barbeint i støvete gater og kjent på det meste av det som menneskelivet har å by på. Han slost nok med langt større indre konflikter enn dei vi har fått innblikk i. Og - eg veit at Han er ein av dei som gjekk i døden for at andre skulle få leve.
Vil du skrive e-post til Ingeborg Overvoll, kan du gjere det her.