Teksten er henta frå 2. Mosebok 15.
Når eg les frå Det Gamle Testamentet prøvar eg å sjå for meg ein dal som går vestover. Dalbotnen er dekt med med kvite blomar som strekkjer seg mot ettermiddagssola og eg byrjar å gå dalen frå aust. Det var ein eldre, amerikansk professor som gav meg det bildet ein gong, etter ein konkret opplevelse han hadde hatt.
Eg fekk vel ikkje heilt tak i korleis han tenkte det, men det handla om at dei gamle orda står der og strekkjer seg etter ei framtid. Den som går framover, i dalen eller i tida, ser berre baksida av blomane. Det er ikkje før ein er heilt framme og snur seg at blomsterprakten virkeleg openberrer seg. Det var litt klissent, men bildet har no festa seg. Det virkeleg sentimentale gjer sjeldan dét.
Det er utruleg mange baksider i denne eldste delen av Bibelen, og eg trur ikkje alle baksidene har så vakre forsider at dei eigentleg kan samanliknast med blomar. Når eg av og til må seie noko om den blodige historia som det Gamle Testamentet fortel, synest eg at eg brukar mest tid til å bekjenne synd ? på vegne av mine forfedrer.
Det blir mykje kamprop og krigslist. Vanskeleg er óg dette med det utvalde folket. Det virkar så primitivt og det har hatt slik ein vond etterklang, heilt inn i vår tid, både for dei sjølve og for andre.
Når Gud skapte så mange menneske, var det då nødvendig å dele dei inn i grupper og gjere forksjell på dei. Det blir alltid strid av slikt.
Du førte dei inn og planta dei
på fjellet som er din eigedom,
på den staden du har gjort
til din bustad, Herre
...
Eg veit ikkje om det var nødvendig for Gud å gjere det akkurat slik. Sikkert ikkje. Men, eg trur den amerikanske professoren med blomsterdalen var inne på noko viktig. Han snakka om å snu seg og sjå tilbake og oppdage eit anna mønster enn det som var synleg underveis.
Det Gamle Testamentet var skrive underveis. Det handla heile vegen om lengselen og håpet om ei løysing på ein situasjon som absolutt ikkje var haldbar. Det handla om fleire tusen år med foreløpige løysingar og venting.
Når Jesus endeleg kom, var det ikkje mange som greidde å kjenne han igjen, sjølv om dei hadde heile det Gamle Testamentet med historie og profetiar til hjelp.
Men, det var nokre som fekk gå dalen heilt til endes og møte han ansikt til ansikt ? etter oppstandelsen. Frå den staden må utsikta bakover ha vore utruleg oppklarande og overveldande.