Hopp til innhold

Idol

Dei færraste av oss får heltestatus. Vi er ein del av hordane, alle dei som glanar og hermar. Det blir avgjerande kva me ser opp til og gir idealstatus, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå Johs. 13, 4-16.

Vil du bli millionær? Eller kanskje idol? Iallfall mange unge menneske har dagdraumar i den retninga. Me lever i ei tid som iallfall i vår del av verda reknar det som toppen av lykke å bli sett opp til. På toppen av sigerspallen, på fotballbanen. Eller aller helst på ein scene, framfor ein mikrofon, ei kameralinse. Alt dette er stader som gjer alle andre til publikum, tilskodarar. Eller kanskje til og med tilbedarar.

Idol - ordet kjem av det greske ordet for å sjå, eller bli sett. Eit idol er eigentleg eit gudebilde.

Så er det kanskje draumen om å bli dyrka som lokkar. Bli den nye James Dean, Marilyn Monroe eller Kurt Nilsen. Fordelen med å vera idol er at du sjølv får bestemma spelereglane. Brettar du buksekanten opp, så er det slik buksekanten skal vera i år. Sluttar du å røyka, så er røyk ikkje lenger in. Du er forbildet, som hordane prøver å etterlikna.

Dei færraste av oss får slik heltestatus. Dei fleste av oss er ein del av hordane, alle dei som glanar og hermar. Det blir ganske avgjerande kva me ser opp til. Kven me vil gje status av forbilde og ideal.

Jesus seier i store bokstavar at han vil vera idol. "Det er eit forbilde eg har gitt dykk. Som eg har gjort mot dykk, skal de og gjera", seier han (Johs 13,15).

I alle år etter at Jesus sa dette, har folk ikkje visst om dei skulle le eller grina. For kva er det Jesus har gjort, som dei skal etterlikna? Ikkje har han dradd eit riff på gitaren eller oppdaga Amerika, ikkje vist seg som den sterkaste mannen i verda eller definert det gylne snittet.

Når Jesus seier "sjå på meg, og gjer som meg", så har han nettopp gjort seg ferdig med å vaska føtene på læresveinane. I våre dagars språk ville det blir omtrent som å vaska do, eller å ta fatt på oppryddinga etter at festen er over og alle andre er gått heim, fordi det ikkje er deira ansvar å shina opp. Jesus oppfører seg som om dei andre var sjefen hans.

”Eg er forbildet. Sjå på meg, gjer som eg”, sa Jesus. Ting blir annleis, når noko vågar det.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer DDE framføre Lina Sandell sin song ”Blott en dag”.

Høyr andakten 4/9.

 

 

Skog