Hopp til innhold

Hemmeleg glede

Da Jesus kom, var det revolusjonerande at Jesus var for alle. Ein trong ikkje eit hemmeleg bankesignal eller kodebok for å vera heilt med. Vegen til Jesus var fri og open, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

For dei som har alt, er det ikkje like stas med julepresangane som i gamle dagar. Tinga er så mange nå, me har ikkje kapasitet til å leggja så mykje interesse i kvar enkelt til at tingen utan vidare representerer gleder. Kanskje ligg dei største gledene i å gjera andre glade.

Å vera saman med ein annan om å pønska ut og skaffa noko til ein tredje. Vita, kvar gong me treffest, at noko kjekt skal skje. Lenge før presangen er overlevert, har me ei felles glede, me som veit. Eit blikk, berre starten på eit smil, blir nok til at me blir varme innvendig.

Paulus skriv ein plass at ”løyndomen i vår gudstru er stor” (1. Tim 3, 16). Nå har kristendommen aldri vore ein religion for dei spesielt innvigde. Ein treng ikkje hemmelege kodar eller ritual for å få direkte tilgang til alle sidene ved evangeliet.

Det var nettopp noko av det revolusjonerande den gongen trua på Jesus slo igjennom, at Jesus var for alle. At ein ikkje måtte stilla bak i køen om ein ikkje var mann, ikkje var fri, ikkje var jøde. Ein trong ikkje eit hemmeleg bankesignal eller mantra eller kodebok for å vera heilt med. Vegen til Jesus var fri og open for alle. Og slik er det ennå.

Kva tenkjer han på då, Paulus, når han snakkar om at ”løyndomen i vår gudstru er stor”? Det er det tvitydige med Jesus. At han er både løva av Juda, og lammet som blir slakta. At det nokon oppfattar som gull, meiner andre er berre gråstein. At Jesus har sigra over vondskap og død, at han er den som skal seia det siste ordet, på same tid som barn lir, menneske svik, makt turar fram hjartelaust.

Ein sa det slik: Når Gud er allmektig, kvifor er han så ikkje det? Dei lever ikkje i sanning, dei som nektar å sjå skuggane.

Det er mørkt og kaldt, for tida. Like fullt finst det ein del bønder i dette landet so, då sommaren var på hell, sådde kveite eller rug . Kornet rakk så vidt å spira, så kom snøen, så kom telen. Me byfolk som ikkje har greie på det, ristar på hovudet. Spør: Kor dum går det an å bli? Bøndene treng berre å veksla blikk, snerta borti starten på eit smil, så blir dei varme innvendig. Dei veit noko kjekt skal skje – i si tid.

Det er det som er vitsen med å samlast i Jesu namn. Å vera saman om å gle seg, saman om å vita at vinteren har ein ende. At det kjem ein vår.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Tove Karoline Knutsen syngje sin eigen melodi til tekst av Arvid Hanssen, ”Kom sommarvijnn”.

Skog