Helande teneste

Lækjedom er noko vi alle lengtar etter. Helbredelse av sundbrotne kroppar, vonde minner, splitta fellesskap. Helbredelse av jorda, seier Kari Veiteberg.

Kari Veiteberg
Foto: Privat

I namnet åt Skaparen, Frigjeraren og Livgivaren. Amen.

I dag 18.oktober er minnedagen for evangelisten Lukas som skreiv det tredje evangeliet og Apostelgjerningane.

Regnar det hos deg i dag? 18.oktober har og vorte kalla Lukas våtmann fordi det nesten alltid regnar denne dagen. Vatn er rensande og helande.

I følgje Kolosserbrevet var Lukas lege, han hadde visst lekt Paulus. Slik har det vorte til at Lukas er identifisert med kyrkjas helande teneste. Ja, i dag fordi det er St. Lukas sin dag, feirar mange kyrkjelydar verda over, helande gudstenester.

I Tøyenkirka, der eg er prest, ber vi: GUD, DU SOM MED DITT LEVENDE ORD SKAPER OG HELBREDER JEG BER DEG, LA MEG DAG FOR DAG BLI TIL SOM DET MENNESKET JEG ER SKAPT TIL Å VÆRE. GJØR HELT I MEG DET SOM ER KNUST.

Lækjedom er noko vi alle lengtar etter. Helbredelse av sundbrotne kroppar, vonde minner, splitta fellesskap. Helbredelse av jorda.

Helbredelse er heilt sentralt i evangeliet, men ei mistolking har ført til at nokon har fått det for seg at kristne menneske ikkje skal bli sjuke. Dette har skapt mykje fortvilelse og tilleggsbelastningar. Og ennå verre, at når ein blir sjuke, kan ein kome til å tenkje at det dreier seg om ei eller anna straff frå Gud. ”Kva har eg gjort, som gjer at eg har det slik?”

Eg spør: Kva er eit fullverdig liv? Vi knyter ofte det fullverdige livet til det å vere frisk, eller perfekt. Men visst kristendommen skulle føre oss til å sjå menneske som slit anten psykisk eller fysisk som ein type amputerte menneske – då er vi ille ute. Eg trur på Jesus - Jesus med sårmerkt kropp. Jesus som bryt grenser, tar sjansar, og berører.

Vi har søsken i Afrika som fortel at dei står i ei helande teneste i forhold til HIV og AIDS: Her er den helande tenesta lindring, fellesskap, å få ein verdig død.

Eg trur at vi alle treng å bli helbreda. Og overalt kor liv og krefter vender tilbake, over alt kor angsten bleiknar, overalt kor eit menneske frå krefter til å komme over livskriser og liding – der helbreder Gud.

GUD, DU SOM MED DITT LEVENDE ORD SKAPER OG HELBREDER.

JEG BER DEG, LA MEG DAG FOR DAG BLI TIL SOM DET MENNESKET JEG ER SKAPT TIL Å VÆRE. GJØR HELT I MEG DET SOM ER KNUST.

Skriv til Kari Veiteberg her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Hilde Svela med songen "Tidevann".

Andakt onsdag 18/10.