NRK Meny
Normal

Håp, liv, lys

– I dag skal eg få vere med på ei heilt spesiell båtreise.

Nidarosdomen
Foto: Hans H. Bjørstad

Kristus er oppstaden!

Når eg kjem til Nidarosdomen i formiddag må eg gå leideren for å kome inn i kyrkja. Og preikestolen er ikkje lenger den vanlege brune eg bruker å stå på, men er gjort om til ei utkikkstønne høgt oppe i masta. Frå den vil eg sjå ut over eit hav av mange hundre barnehagebarn som er komne til kyrkja med stor forventning. Og som går derifrå med store opplevingar om eit skip som er deira; om eit hus som har teke dei på alvor; som har høyrt forteljingar og sunge songar som dei vil ta med seg og grunne på.

Det er ingen som lærer oss å kjenne oss heime i Guds hus som barna. Dei er trygge, tillitsfulle og nyfikne. Om dei snublar og dett, tillet dei seg å gråte. Dei let seg trøyste. Så reiser dei seg og går vidare. Til dei snublar neste gong, og det same gjentek seg på nytt. Det er barnets tillitsfulle haldning som skulle vere vår veg til Gud. Til Gud som trøystar når vi dett. Som trøystar og hjelper oss på føtene. Som tek i mot oss når vi snåvar neste gong. Som leitar etter oss når vi er på ville vegar. Som ikkje gjev opp før vi er funne att.

Denne veka har bibeltekstane handla om tillit og lengsel; om krefter og død og liv. Om grunnleggjande vilkår i menneskelivet og åk vi strevar under. Men fyrst og fremst om håp og liv og lys. Lyset frå den oppstadne Kristus. Og i dag er bibelteksten frå Salme 23, eit vers som med få ord summerer korleis det er å vere eit Guds barn: Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider.

Om Herrens hus er ein båt; om det er kyrkjerommet eller ein annan stad du finn kvile, - det veit eg ikkje. Men bibelordet seier meg noko om den freden og kvila vi finn i Guds nærhet. Og om Guds aldri kvilande innsats for å finne oss.

Så kan vi snuble, gråte, finne trøyst, reise oss og gå vidare på den vegen som er livet for kvar og ein av oss.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Maria Solheim og Hans-Erik Dyvik Husby - «Rom for alle»