Teksten er henta frå Daniel 12, 1-4.
Mor si grav vender mot aust, mot soloppgangen. Nedst på steinen hennar står ei linje ho sjølv formulerte: Til morgonen gryr. Kvar gong eg steller grava hennar, vert eg mint om hennar tru på oppstoda frå dei døde, hennar tru på at ho skulle vakna til eit evig morgongry ein dag. Døden var ein svevn berre, den siste.
Mor var svært glad i livet og opptatt av det som var rundt henne. Men ho såg også fram til å få kvila frå smerter og plager, og til å få vakna til gjensyn med dei ho var glad i. Men mest av alt gledde ho seg til å møta han, ansikt til ansikt, som ho kalla Frelsaren sin: Jesus Kristus, Herre over dødens makt. Dei salmane ho valde til gravferda si, var alle prega av tryggleik og glede.
Bibelen talar fleire gonger om oppstoda frå dei døde. Og Det nye testamentet demonstrerer denne oppstoda, både ved at Jesus vekkjer døde opp til liv igjen, og ved at han sjølv står opp. ”Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr”, seier Jesus i Johannesevangeliet. I den truvedkjenninga vi seier fram i gudstenesta, heiter det både at vi trur på oppstoda av lekamen, og at vi trur at Jesus Kristus skal koma att for å døma levande og døde.
Dagens tekst, frå siste kapitlet i profeten Daniels bok i Det gamle testamentet, fortel om ei framtid prega både av dom og frelse, av naud og glede:
”Det skal koma ei trengselstid som det ikkje har vore maken til heilt sidan folkeslag vart til. Men på den tid skal folket ditt verta frelst, alle som er oppskrivne i boka. Og mange av dei som søv i molda, skal vakna opp, somme til evig liv, andre til skam og evig avsky. Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin; og dei som har ført dei mange til rettferd, skal skina som stjernene, evig og alltid.”
Det er vondt å lesa om trengsler og dom. Fleire stader åtvarer Bibelen menneska mot å gå bort frå Gud slik at dei vert ramma av hans vreide. Og det vert fortalt om smerte og naud i dei siste tider før verdsens ende kjem. Kunstnarar har opp gjennom hundreåra malt skrekkvisjonar inspirerte av Bibelens domsprofetiar, og mange har vore redde for mørke og fortaping.
Men mellom alvorsorda lyser håpet om ein skinande morgon og ein endelaus, blank dag med glede og fred. Det var mors håp å vakna til ein evig morgon etter søvnen i molda. Eg deler håpet med henne.
Vil du skrive e-post til Vigdis Berland Øystese, kan du gjere det her.
* * * *
Vi høyrer SKRUK og Vårsøg i Kingo-salmen ”Som den gyldne sol frembryter”.