Håp er å byggja

Trua har ei tvillingsøster som heiter håp. Håpet er skjørt som skalet på eit fugleegg, men sterkt som fjell. Dei som bur i Betlehem, ventar på fred, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå 1. Tim 6, 12.

Denne veka handlar bibeltekstane i morgonandaktane om å sjå Gud. Få auga på han som er usynleg. I den grad me ser han, snakkar me om tru.

Trua har ei tvillingsøster som heiter håp. Håpet er skjørt som skalet på eit fugleegg og sterkt som fjell.

Nei, sa den lutherske presten i Betlehem sist i oktober. Nei, eg er ikkje optimist. Eg er pessimist, når eg ser på realitetane.

Han tenkte på dei i kyrkja si han hadde ansvaret for. Mange av dei har gått arbeidslause i årevis. Med lite pengar blir det fort lite håp, lite respekt, lite sjølvrespekt, ikkje minst. Det går ein jamn flyttestraum vekk frå Palestina, til slektningar i Canada og New Zeeland og Europa og andre stader. I Betlehem er det mange som ikkje lenger orkar håpa på noko godt for seg og sine, fortalde presten.

Veka før me var der, hadde han møtt utanriksminister Condaleeza Rice frå USA.

Her kjem viktige personar kvar ei veke og snakkar om at ting skal ordna seg. At det skal bli rettferd og fred. Men folk her trur ikkje lenger på dei store orda. Sjølv er eg og blitt lei orda. Folk har lært å tvila på ord. Det er realitetane dei må forholda seg til. Og alt det me ser ikring oss, det peikar galne vegen, sa presten i Betlehem.

Han sa litt meir. Om håp. Å vera optimist og å håpa, det er ikkje det same. Eg er ikkje optimist. Men eg har håp.

Eg stussa ikkje lite over dette.

Å leva i håp i dag, er å leggja grunnlaget for at gode ting skal skje i framtida. Til og med ei framtid som er så langt borte at me ikkje ser vegen dit. Håp må byggjast. Det er eit arbeid mot mange odds, der resultata ofte er usynlege – lenge. Sa presten.

Strid den gode striden i trua, skriv Paulus. Grip det evige livet som du er kalla til.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Gunstein Draugedalen syngje ”De kommer fra øst og vest”.

Høyr andakten 31. januar 2008