Teksten er henta frå Matt. 18, 10-14.
No er det tid for å sleppe sauene på beite. Dei små lamma skal ut i det dei er skapte til, sjølv om det inneber fare. Sauebonden gled seg over den nyvunne fridomen han ser, og livsutfaldinga som kjem for dagen.
Men ein roleg sommar får han nok ikkje. Til det er det for mange farar som rår. Bondens uro og omsorg for dyra sine er drivkrafta som får han til å gå lange vegar for å finne dei som har vorte borte.
I evangeliet etter Matteus står det skrive:
Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer, og ein av dei villar seg bort, lét han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som har fare vilt? Sanneleg, det seier eg dykk: Skulle han finna sauen, då gleder han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje villa seg bort. Sameleis vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal fortapast.
Sauegjetarens uro, og omsorg for dyra sine; det er biletet på Guds omsorg for oss.
Slik fortalde Jesus det, han som sa om seg sjølv at han er den gode hyrde.
Det er ei fantastisk likning om Gud: Han set alt inn på å finne oss. Han gjev seg ikkje før den siste av dei hundre er funnen. Han spør ikkje etter orsaka til at den eine vart borte.
Gud har sett alt inn på å finne oss. Så mykje at han sendte den einaste sonen sin som "leitemannskap", - Jesus. Han ofra alt for å finne oss att.
Alt, så han til og med gjekk i døden for oss; det ytste mørke.
Han døde vår død. Han gav oss sitt liv.
Sauegjetaren som i glede lyfter opp den bortkomne sauen og ber han attende til flokken, er eit sant bilde om Gud. Det er innlemming; det er miskunn; det er nåde.
Vi blir lyfta inn. Ønska velkomen. Teke imot.
Vil du skrive e-post til Ragnhild Jepsen, kan du gjøre det her.
* * * *
Vi høyrer Carola syngje "Jesus för verden".