Hopp til innhold

Ha styringa

I nokre religionar er guddommen i naturen, i alt synleg og usynleg. Det finst mange fareskilt, mange tabu som avgrensar kva eit menneske kan gjera, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er frå Jeremia 18, 1 – 10.

Kanskje må me sjå det i augene, at menneskeleg aktivitet har påverka samspelet i naturen, slik at klimaet er i ubalanse. Me i det rike Nord har ingenting imot det, om me kan leggja løysinga i Sør: At nå må dei slutta å hogga regnskogar. At nå må Kina og India gjera noko med utslepp og med auke i energibruk.

Tenkjer me slik, er me omtrent i Jesus sin talemåte når han spurde kvifor dei såg flisa i auga på bror sin, men bjelken i eige auga, den merka dei ikkje (Matteus 7,3). Det er ein tankekross dette: At dei folka som har hatt Bibelen som ein del av tradisjonen sin, også er dei som har fare mest hardhendt med naturen. Noko av forklaringa kan liggja i nettopp Bibelen.

I den første skapingsforteljinga står det at mennesket, skapt i Guds bilde, skal leggja jorda under seg og ”rå over over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda” (1. Mos 1,28). På neste side, i den andre skapingsforteljinga, leier Gud alle fuglar og dyr fram for menneske. ”For det som mennesket kallar kvar skapning, det skal dei heita” (1. Mos 2, 19). Skaparen legg vide fullmakter i fanget på menneske. Ikkje ein eigedomsrett over det skapte. Men disposisjonsrett, innanfor føringane som skaparen gir.

I mange andre religionar er guddommen i naturen, i alt synleg og usynleg. Derfor er det mange fareskilt, mange tabu som avgrensar kva eit menneske kan gjera, kvar det kan trø.

Bibelen har få tabu i naturen. Gud har sett sitt preg på det skapte. Men han er ikkje ein del av det. Denne forståinga er ein del av forklaringa på at område prega av kristen tradisjon har forstra så mange vitskapsfolk, oppfinnarar og oppdagarar.

Frå vår kristne tradisjon lyder ekkoet av eldgamle ord om at rammene for råderetten me fekk over det skapte, dei er det skaparen som bestemmer. Og om mennesket i si begeistring over å få bestemma kva alt skal heita, bestemmer at skaparen ikkje har noko han skulle ha sagt, så blir det feil.

Profeten Jeremia har ei enkel forteljing med bardunar heilt ned i grunnvollane av alt som er. Når keramikaren, seier Jeremia, når han ser at krukka ikkje blir som han vil ha henne, så klaskar han leira saman, knar godt, og begynner på nytt.

Me menneske er krumtappen i skaparverket. Men me skal ikkje gløyma at me handlar på oppdrag. At ”Du er og en liten, vek en. Du treng og en storebror.”

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Musikken er Michala Petri og English Chamber Orchestra som spiller ”Gjendines bådnlåt”.

Skog